Hopp til innhold

Forsand kommune, Rogaland

Den største arkeologiske utgravinga i Noreg vart utført på Forsandmoen i Forsand kommune.

Forsand kommune, 780 km2, ligg i Rogaland, har om lag 1100 innbyggjarar og grensar i sør til Gjesdal, i vest til Sandnes, i nord til Strand og Hjelmeland og i aust til Sirdal i Vest-Agder og Bykle i Aust-Agder.

Kommunen vart oppretta i 1871, då Høgsfjord kommune vart delt i to – Høle og Forsand. I 1965 vart området rundt Frafjorden overført til Gjesdal. 1.1.2020 slår Sandnes og Forsand kommunar seg saman.

Det aller meste av busetnaden finn vi i den vestlege delen av kommunen. Administrasjonssenteret Forsand ligg ytst i Lysefjorden, som skjer seg austover gjennom store delar av den langstrekte kommunen. På begge sider av Lysefjorden stig terrenget bratt. Det høgaste punktet i kommunen er Lysekammen, 1305 moh.

Jordbruk er den viktigaste næringsvegen. Den vanlegaste driftsforma er husdyrhald, og dei store heiområda i nordaust er gode beiteområde for sauer. Industrien i kommunen leverer sand, mørtel og betong. Der finst òg litt industri knytt til fiske og havbruk. Dei mange kraftverka i kommunen har ei maksimal yting på rundt 600 MW. Fleire av reisemåla i Forsand dreg til seg mange besøkjande, og dei siste åra har det vore ein stor vekst i reiselivsnæringa.

galleri

Dei største turistattraksjonane er samla rundt Lysefjorden. Preikestolen reiser seg 600 meter rett opp frå nordsida av fjorden. Lenger inne i fjorden ligg Kjerag, med den vidgjetne Kjeragbolten. Kjerag er mykje brukt av basehopparar. Utgravingane på Forsandmoen viste at det der hadde vore samanhengande busetnad i over 200 år, frå 1500 til 1300 f.Kr. Det vart funne spor etter over 250 hus og gjort over 3000 funn. Tre av desse husa er rekonstruerte i fortidslandsbyen Landa, som opna i 1995.

Avisa Strandbuen er lokalavis for Ytre Ryfylke og er den mest lesne avisa i Forsand. Strandbuen kom med det første nummeret i 1963, har hovudkontor på Strand, kjem ut to gonger i veka og er redigert på begge målformer.

I Forsand tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1910. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1939 og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1938. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2017/2018 hadde 98 % av elevane ved denne skulen nynorsk.

Bjarte Sveinsvoll Dagestad (H) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 5. 2005

http://www.forsand.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017