Hopp til innhold
Kommunevåpenet til Fræna er sju blå bølgjer mot gul bakgrunn.
Kommunevåpenet til Fræna er sju blå bølgjer mot gul bakgrunn.
X
Innhald

Fræna kommune, Møre og Romsdal

Fræna kommune, som er ein av dei største landbrukskommunane på Vestlandet, særmerkjer seg også med fleire nasjonalt og internasjonalt leiande industribedrifter.

Fræna kommune, 362 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 9200 innbyggjarar og grensar i nord til Eide, i aust til Gjemnes, i sør til Molde og i vest til Aukra.

I 1964 vart kommunen slått saman med Bud og Hustad. Fræna og Eide blir slått saman 1.1.2020.

Fræna ligg ytst i Romsdal, nord for Romsdalsfjorden. Utanfor Fræna ligg Hustadvika, ei av dei mest vêrharde kyststrekningane i Sør-Noreg. Ved kysten er det store myrlendte flater, men lenger inne stig terrenget. Det høgaste punktet i kommunen er Kvannfjellet, 980 moh. Busetnaden er spreidd over heile kommunen. Størst konsentrasjon er det i og rundt administrasjonssenteret Elnesvågen, og i Bud, heilt vest i kommunen.

Landbruk er framleis ei viktig næring i Fræna, og ingen kommunar i fylket har så mykje dyrka jord som Fræna. I gjennomsnitt er gardsbruka dei største i fylket, og landbruket i Fræna er størst i fylket både når det gjeld kjøt- og mjølkeproduksjon. Hovudvekta ligg på husdyrhald. Fiske er òg viktig, og Harøysund ved Bud er sentrum for denne næringa.

Det finst mykje og variert industri. Hustad marmor er den største fabrikken i verda i sitt slag og omformar nedmalen kalkstein frå fjella i området til slurry, som vert eksportert til papirindustrien, for det meste i Europa. Tine Midt-Noreg produserer mellom anna Jarlsbergost for eksport og er størst i landet på brunost. Doosan Moxy lagar dumparar, også det for eksport. Hustad leir vart oppretta etter krigen, og etter nokre år som fangeleir var leiren frå 1950 til 2004 førskule for sivilt tenestepliktige. Frå 2005 er leiren brukt som fengsel og som kontorplass for Nasjonalt senter for automatisk trafikkontroll.

Trollsteinkyrkja er ei kalksteingrotte med fleire inngangar, som er lett tilgjengelege frå vegen mellom Elnesvågen og Eide. Ergan kystfort er ei avdeling av Romsdalsmuseet og er etablert rundt eit kystfort bygd av den tyske okkupasjonsmakta under andre verdskrigen. Ved Ergan er det òg eit stort fugleberg, der tusenvis av krykkjer hekkar i tida mellom februar og august. Utanfor Bud ligg Bjørnsund, eit fråflytta fiskevær der kommunen driv leirskule.

Den største avisa i kommunen er regionavisa Romsdals Budstikke, som har hovudkontor i Molde. Avisa er av dei eldste i landet og kom med det første nummeret alt i 1843. Avisa kjem ut alle kvardagar og er redigert på bokmål.

I Fræna tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1910 (Hustad). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1925, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1924. Kommunen har åtte grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 34 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Det har vorte redusert frå om lag 50 % i 2009/2010.

Tove Henøen (Sp) er ordførar i Fræna kommune i perioden 2015-2019.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 7. 2005

http://www.frana.kommune.no/

www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017