Hopp til innhold
Fusa kommunevåpen viser tre blå spiralar mot kvit bakgrunn, som speglar kommunenamnet og jettegrytene i kommunen
Fusa kommunevåpen viser tre blå spiralar mot kvit bakgrunn, som speglar kommunenamnet og jettegrytene i kommunen
Fusa kommunevåpen viser tre blå spiralar mot kvit bakgrunn, som speglar kommunenamnet og jettegrytene i kommunen
X
Innhald

Fusa kommune, Hordaland

Liv Grete Skjelbreid Poirée, den einaste kvinnelege skiskyttaren som har teke fire gull i eitt og same VM, er busett i Hålandsdalen i Fusa.

Fusa kommune, 378 km2, ligg i Hordaland, har om lag 3750 innbyggjarar og grensar i sør til Kvinnherad og Tysnes, i aust til Kvam, i nord til Samnanger og i vest til Os. Kommunen vart skilt ut frå Os i 1856. I 1903 vart Hålandsdal og Strandvik skilde ut som eigne kommunar, men i 1964 gjekk dei igjen inn i Fusa kommune. 1.1.2020 blir Os og Fusa slått saman til ein kommune, slik dei var før 1856.

Fusa ligg i Midthordland. Kommunen er prega av kystlandskap og har lang kystlinje, med mange holmar og mindre øyar. I nord og aust stig landet, og det høgaste punktet i kommunen er Tveitakvitingen, 1299 moh. Busetnaden, som er spreidd over heile kommunen, ligg for det meste langs fjordane. Unntaket er dalføret austover frå administrasjonssenteret Eikelandsosen, og Hålandsdal.

Den største verksemda i kommunen er Frank Mohn Fusa AS, som i hovudsak produserer lossesystem for tankskip. Verksemda har i overkant av 500 tilsette. Trelastindustri og akvakultur er dei to andre store industrigreinene, og det finst mange mindre verksemder. Fiske og jordbruk er òg viktige næringsgreiner.

Både på Vinnes og på Samnøy finst det helleristingar, og det er gjort mange fortidsfunn i kommunen. I Koldalselva, like ved Eikelandsosen, er det fleire store jettegryter. Holdhus kyrkje er ei ombygd stavkyrkje frå mellomalderen. Kyrkja vart ombygd i 1725 og 1836 og er framleis ei særprega trekyrkje, med rosemåla interiør. Like ved kyrkja ligg Skulemuseet på Holdhus.

Os og Fusaposten kjem ut to gonger i veka, og kom med det første nummeret i 1987. Avisa har hovudkontor på Os, men dekkjer begge kommunane, og er redigert på nynorsk. Avisa fekk i 2004 prisen Årets lokalavis.

I Fusa tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908 (Hålandsdal og Strandvik). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1927, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921 (Fusa). Kommunen har åtte grunnskular, og i 2017 hadde 96 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Atle Kvåle (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 5. 2005

http://www.fusa.kommune.no/

www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017