Hopp til innhold
Fyresdal kommunevåpen viser to sølvøkser mot en grøn bakgrunn som speglar skogsdrift og jordbruk i kommunen
Fyresdal kommunevåpen viser to sølvøkser mot en grøn bakgrunn som speglar skogsdrift og jordbruk i kommunen
Fyresdal kommunevåpen viser to sølvøkser mot en grøn bakgrunn som speglar skogsdrift og jordbruk i kommunen
X
Innhald

Fyresdal kommune, Telemark

Fyresdal har hatt uendra kommunegrenser sidan 1838. Fram til 1879 heitte kommunen Moland.

Fyresdal kommune, 1110 km2, ligg i Telemark, har om lag 1380 innbyggjarar og grensar i nord til Tokke og Kviteseid, i aust til Nissedal og til tre kommunar i Aust-Agder: Åmli i sør, og Bygland og Valle i vest.
 
Fyresdalen, med det store Fyresvatn, går gjennom kommunen. Det meste av busetnaden ligg ved nordenden av vatnet og i dalføret nordover mot Åmot, men det er spreidd busetnad i dalføra i heile kommunen. Den einaste tettstaden i kommunen er administrasjonssenteret Fyresdal. Det meste av arealet i kommunen er hei og høgfjell. Det høgaste punktet er Napuren, 1284 moh.
 
Jordbruk og skogbruk er framleis viktige næringar. Innanfor jordbruket dominerer husdyrhald, medan det kvart år vert teke ut 33 000 m3 tømmer. Det finst litt industri, mellom anna møbel- og trevareindustri, og ein fabrikk som produserer mineralvatn. Fyresdal har tre kraftverk, med ein samla årsproduksjon på 327 GWh.
 
Det er gjort fleire funn frå steinalderen i Fyresdal. Ved Molandsmoen står ein runestein frå 1100-talet. Ved Trollholene, som vart forma under den siste istida, har det vore årlege gudstenester sidan 1988. Fyresdal museum er ei avdeling av Vest-Telemark museum og har 14 bygningar, dei eldste frå middelalderen.
 
Vest-Telemark Blad dekkjer seks kommunar, mellom anna Fyresdal. Avisa kom med første nummeret i 1973, har hovudkontor på Kviteseid, kjem ut tre gonger i veka og er redigert på nynorsk.
 
I Fyresdal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1899. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1911, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1925. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2017/2018 har 92 % av elevane ved denne skulen nynorsk.
 
Erik Skjervagen (Ap) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 5. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017