Hopp til innhold
Gaular kommunevåpen viser ein stolpe av sølv mot ein grøn bakgrunn og symboliserer elva Gaula.
Gaular kommunevåpen viser ein stolpe av sølv mot ein grøn bakgrunn og symboliserer elva Gaula.
Gaular kommunevåpen viser ein stolpe av sølv mot ein grøn bakgrunn og symboliserer elva Gaula.
X
Innhald

Gaular kommune, Sogn og Fjordane

Det verna Gaularvassdraget går gjennom heile Gaular kommune, frå kommunegrensa mot Balestrand på Gaularfjell til Bygstad ved Dalsfjorden.

Gaular kommune, 582 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 2750 innbyggjarar og grensar i sør til Høyanger, i vest til Fjaler og Askvoll, i nord til Førde og i aust til Balestrand.
 
Kommunegrensene har vore uendra sidan 1838, bortsett frå at eit mindre område vart overført frå Fjaler i 1990. Fram til 1910 heitte kommunen Indre Holmedal. 1.1.2020 blir Gaular, Førde, Naustdal og Jølster slått saman.
 
Det meste av busetnaden finn vi i den vestlege delen av hovuddalføret, og langs fjorden. Dei to tettstadene i kommunen er Bygstad og administrasjonssenteret Sande. I dei indre delane av kommunen ligg det to vatn, Viksdalsvatnet og litt av Haukedalsvatnet. Det høgaste punktet i kommunen er Geitebotsfjellet, 1354 moh.
 
Den viktigaste næringsvegen er jordbruk. Kommunen har eit mildt klima, og husdyrhald er den viktigaste driftsforma. Industri er det lite av, men det finst litt trevareindustri, og dessutan eit meieri i Bygstad. Laksefisket i Gaula er godt. Over ein fjerdedel av dei yrkesaktive i kommunen arbeider i Førde.
 
Det er gjort funn frå steinalderen, og Gaular er kjent frå vikingtida, gjennom jarlesetet Gaulum. Hestad kapell i Viksdalen var opphavleg ei stavkyrkje, men vart ombygd i 1805.
 
Avisa Firda er den største avisa i kommunen, og ho dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa har hovudkontor i Førde, vart grunnlagt i 1918, kjem ut seks dagar i veka og er redigert på nynorsk.
 
I Gaular tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1923, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2009/10 hadde 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
 
Mathias Råheim (H) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 5. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 22.03.2017