Hopp til innhold

Giske kommune, Møre og Romsdal

Alle medlemmane i popgruppa The Margarets kjem frå Giske, og der har dei bygd opp sitt eige studio.

Giske kommune, 40 km2, er ein øykommune i Møre og Romsdal, har om lag 7300 innbyggjarar og grensar i sør til Ulstein, Hareid og Sula, i aust til Ålesund og i nord og aust til Haram. Kommunen fekk dei noverande grensene i 1964, då Giske og Vigra vart slått saman til ein kommune.

Fire av dei tolv øyane i kommunen har busetjing – Giske, Godøya, Valderøya og Vigra. Administrasjonssenteret er Valderhaugstranda, og det ligg òg mindre tettstader på to av dei tre andre busette øyane. Giske og Vigra er relativt flate øyar, medan dei to andre er meir kuperte. Det høgaste punktet i kommunen, Storhornet (497 moh.), ligg på Godøya.

Dei fire store øyane er bundne saman med bruer eller undersjøiske tunnelar. På Vigra ligg Ålesund lufthavn, som er den største flyplassen i fylket. Frå Vigra går det direktefly til dei største byane i landet, og til nokre byar i utlandet.

Fiske var lenge den dominerande næringa i kommunen og er framleis den vanlegaste levevegen. No er det likevel eit mykje større spenn i næringsgreiner. Fleire verksemder arbeider med transport- og flyplasstenester, og det finst òg trevareindustri og maritim industri.

Øy-Blikk er lokalavis for kommunen. Avisa kjem ut ein gong i veka og kom med første nummeret i 1985.

Gravfunn og fornminne viser at det har vore busetnad på Giske i fleire tusen år. I Skjonghellaren, som ligg på vestsida av Valderøya, er det gjort funn som viser at hola var i bruk i eldre jernalder. På Giske står ei marmorkyrkje frå 1130–40. Vikinghøvdingen Gange-Rolv kom frå Giske, og han er heidra med ein bautastein på Vigra. Fyret på fiskeværet Alnes er automatisert, men er framleis i drift, og fyrvaktarbustaden blir brukt som utstillingslokale.

GISKE alnes foto Christel Øverland Preteni CC BY NC ND 3.jpg?w=600

Alnes fyr. Foto: Christel Øverland Preteni CC BY NC ND 3.0

I Giske tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk rundt 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1916 (Vigra), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1924 (Vigra). Kommunen har sju grunnskular, og i skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Harry Valderhaug (KrF) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 6. 2006

http://www.giske.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Peikarar

Soga om «Giske-katten», om kommunevåpenet til Giske kommune

Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 16.03.2018