Faktaboks

Administrasjonssenter
Batnfjordsøra
Fylke
Møre og Romsdal
Innbyggjartal
2 681 (2023)
Landareal
371 km²
Høgaste fjell
Snøtinden (1026 moh.) på grensa til Hustadvika kommune
Innbyggjarnamn
gjemnesing
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Kart: Gjemnes kommune i Møre og Romsdal
Gjemnes kommune i Møre og Romsdal fylke.
Kart: Gjemnes kommune i Møre og Romsdal
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Gjemnes

Gjemnes. Parti frå Bergsøya. Torvikbukt og Reinsfjellet bak til venstre. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut i 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Gjemnes er ein kommune i Møre og Romsdal fylke som ligg på Nordmøre mellom Molde og Kristiansund. Gjemnes ligg rundt Batnfjorden og er avgrensa ved Kvernesfjorden i vest og Tingvollfjorden i aust. Ved innløpet til Batnfjorden ligg den 8,7 km² store Bergsøya.

Gjemnes blei oppretta som kommune 1893 ved utskiljing frå dei tre dåverande kommunane Øre, Frei og Kvernes, som hadde høvesvis 226, 231 og 477 innbyggjarar ved skipinga. Gjemnes bestod etter dette av halvøya mellom Batnfjorden og Kvernesfjorden. Kommunen fekk dei noverande grensene sine i 1964 ved samanslåing med Øre og overføring av Tingvoll sine område på vestsida av Tingvollfjorden. Kommunearealet auka med dette frå 41 til 382 km².

Gjemnes grensar til Hustadvika i vest og nordvest og til Molde i sør og søraust.

Natur

Berggrunnen i heile kommunen er av grunnfjellsopphav, sterkt omdanna under den kaledonske fjellkjedefaldinga (den kaledonske orogenesen), noko som har gitt topografien i store delar av kommunen ei tydeleg strøkretning sørvest-nordaust. Berggrunnen består hovudsakleg av til dels sterkt omdanna gneisar. Augegneis opptrer i fjellområdet mot Molde i søraust og i dalføret til Batnfjordelva i sørvest. På Bergsøya er det førekomstar av djupbergarten eklogitt.

Landskapet i kommunen er fjellfylt, med toppar opp til vel 1000 meter over havet. Høgast er Stortussen (Snøtinden), 1027 meter over havet, på grensa mot Molde. Aust for Batnfjorden når Reinsfjellet, som ligg søraust for Torvikbukt, 994 meter over havet. I søre delar av kommunen er fjella lågare (500–800 moh.). To låge eid følgjer strøkretninga i berggrunnen sørvestover til Fannefjorden, begge med passhøgd på rundt 200 meter, eitt frå Batnfjordsøra (med E39) og eitt frå Angvik ved Tingvollfjorden (med fv. 665/62).

Busetjing

Busetjinga følgjer i hovudsak strendene langs fjordane i heile kommunen, med konsentrasjonar i Angvik og Flemma ved Tingvollfjorden, i tettstadene Torvikbukt og Batnfjordsøra, ved Øre kyrkjestad ved Batnfjorden og i enkelte mindre grender langs Kvernesfjorden. Det er noko spreidd busetjing i dalføra i innlandet. Dei to tettstadene har i alt 24 prosent av folkemengda til kommunen, mot 74 prosent tettstadsdel i fylket samla sett (2016).

Folketalet i Gjemnes har sidan krigen stort sett gått tilbake eller lege stabilt, som til dømes på 1970-talet. Folketalet låg i 2017 såleis 22 prosent lågare enn i 1950 (med dagens grenser). I tiårsperioden 2007–17 auka likevel folketalet i kommunen med gjennomsnittleg 0,1 prosent årleg, mot ein vekst på 0,4 prosent på Nordmøre og 0,8 prosent i fylket samla sett.

Kart over Gjemnes kommune
Kart over Gjemnes kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Primærnæringane er viktigaste næringsveg og omfattar ti prosent av arbeidsplassane i kommunen (2016). Den dyrka jorda finn ein langs strendene og i dei låge eida, særleg rundt og innanfor Batnfjorden. Her blir det hovudsakleg dyrka fôr til mjølkeproduksjon. Det blir òg halde ein del sau.

Industrien omfattar 12 prosent av arbeidsplassane i Gjemnes, 23 prosent om ein inkluderer byggje- og anleggsverksemd, kraft- og vassforsyning og renovasjon. Industrien er dominert av bransjen oljeraffinering, kjemisk og farmasøytisk industri (mellom anna målings- og lakkprodusenten Gjøco AS), som har 55 prosent av dei tilsette i industrien i kommunen (2015). Elles viser møbel- verkstad- og næringsmiddelindustrien att med høvesvis 20, 15 og 8 prosent av dei tilsette i industrien. Det ligg industriområde på Høgset ved Gjemnessundet.

Av dei yrkesaktive i Gjemnes hadde 50 prosent arbeid utanfor kommunen i 2016: 22 prosent i Molde og 8 prosent både i Kristiansund og samla for nabokommunane Nesset, Fræna, Eide, Averøy og Tingvoll.

Samferdsel

Gjennom Gjemnes går E39 (Molde–Trondheim) over Bergsøya med bruer over Gjemnessundet og Bergsøysundet. Desse bruene utgjer ein del av Krifast. På Bergsøya tek rv. 70 av frå E39 og fører gjennom Freifjordtunnelen til Frei og Kristiansund. Fv. 666 mellom Batnfjordsøra og Toven i Molde fører rundt heile halvøya mellom Tingvollfjorden og Batnfjorden. Frå denne går fv. 665 frå Angvika til Istadlia i Molde. Langs Kvernesfjorden går fv. 279 frå E39 ved Høgset vestover til Eide.

Høgset har djupvasskai i tilknyting til industriverksemda på staden. På Reinsfjellet står det TV- og radiosendar.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

I Torvikbukt ligg Nordvestlandet (tidlegare Høgtun) folkehøgskule.

Gjemnes høyrer til Møre og Romsdal politidistrikt, Møre og Romsdal tingrett og Frostating lagmannsrett.

Kommunen er med i det interkommunale politiske rådet Nordmøre IPR saman med Aure, Averøy, Kristiansund, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll.

Gjemnes kommune svarer til dei to sokna Gjemnes og Øre i Indre Nordmøre prosti i Møre bispedøme i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Gjemnes til Nordmør fogderi (futedøme) i Romsdals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Gjemnes

For statistiske formål er Gjemnes kommune (per 2016) delt inn i to delområde med til saman 13 grunnkrinsar:

  • Ytre Gjemnes: Storlandet, Gjemnes, Bergsøy, Bjerkely, Gaupset – Astad, Tøriset – Silset, Øre
  • Indre Gjemnes: Torvik, Øye – Heggem, Kvalvåg – Hoem, Fagerli, Flemma, Angvik

Historikk og kultur

På Furset står Rugebautaen, eit minnesmerke over kapitulasjonen av Sør-Noreg 1940. Diktaren Henrik Rytter starta i 1914 Nordmøres første folkehøgskule på Gjemnes gard. Fleire gardsbygningar er restaurerte. På Tingvoll (tidlegare tingplass) står Gjemnes kyrkje, ei langkyrkje i tre bygd i 1893. Vest for kyrkjestaden ligg Ikornneset fornminnepark med gravrøyser og buplassar frå jernalderen og bronsealderen og kultursti. Fagerli skulemuseum ligg på Fagerlia vest for Angvik. Øre har vore kyrkjestad sidan 1300-talet. Her står Øre kyrkje, bygd 1865. I Skeidsdalen ovanfor Øre ligg Gjemnes bygdemuseum, som består av våningshus med innbu frå rundt 1880.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1983) har eit gullfarga hjortehovud sett framanfrå mot ein grøn bakgrunn. Dette viser til hjortestammen i kommunen.

Namnet er opphavleg eit gardsnamn, skrive Gimnes rundt reformasjonen. Førsteleddet er truleg eit elvenamn med stammen gim- eller gím-, norrønt gíma, ‘opning‘ eller 'munning'. Sidan det ikkje munnar ut nokon elver på staden, har antakeleg namnet samanheng med Gjemnessundet utanfor.

Les meir i Store norske leksikon

Litteratur

  • Leivdal, Nils Tore: Gards- og ættesoge for Gjemnes, 1983-, 4 bind.

Eksterne lenker

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg