Hopp til innhold

Gjemnes kommune, Møre og Romsdal

Den første bussruta i landet opna i 1908, og gjekk mellom Molde og Batnfjordsøra i Gjemnes kommune.

Gjemnes kommune, 382 km2, ligg på Nordmøre i Møre og Romsdal, har om lag 2600 innbyggjarar og grensar i sør til Nesset og Molde, i vest til Fræna og Eide, i nord til Averøy og Kristiansund, og i aust til Tingvoll.

Gjemnes kommune vart oppretta i 1893, då delar av dei tre kommunane Frei, Kvernes og Øre vart slegne saman til ein ny kommune. I 1965 vart kommunane Gjemnes og Øre slegne saman med dei delane av Tingvoll som låg vest for Tingvollfjorden til ein ny kommune som fekk namnet Gjemnes.

Sentralt i kommunen ligg Batnfjorden, og kommunen omfattar òg område på austsida av Kvernesfjorden, på vestsida av Tingvollfjorden og Bergsøya. Det meste av busetnaden ligg langs fjordane, med størst konsentrasjon rundt kommunesenteret Batnfjordsøra, inst i Batnfjorden. Mellom Gjemnes og Bergsøya går Gjemnessundbrua, den femte lengste vegbrua i landet. Brua er ein del av Krifast-sambandet, som vart opna i 1992, og som gav ferjefritt samband mellom Gjemnes og Kristiansund. Det høgaste punktet i kommunen er Stortussen (Snøtinden), 1027 moh.

Jordbruk, i hovudsak mjølkeproduksjon, er ei av dei viktigaste næringane i kommunen. I Torvika ligg målingsprodusenten Gjøco AS, som er den største verksemda i Gjemnes. Rundt halvparten av dei yrkesaktive i kommunen pendlar til andre kommunar, først og fremst Molde og Kristiansund.

I Ikornneset Fornminnepark er der gravrøyser og buplassar frå jern- og bronsealderen. Ved Ørstua, det gamle kommunehuset i Øre, er der ein bautastein til minne om stortingsmannen og bondepolitikaren John Neergaard, som var sentral då formannskapslova vart vedteken av Stortinget i 1837. Ytst på Gjemnes opna Henrik Rytter i 1914 den første folkehøgskulen på Nordmøre. På Osmarka står Stortolla, som i 1990 vart kåra til det tjukkaste bartreet i landet.

Den mest lesne avisa i kommunen er Romsdals Budstikke. Avisa vert redigert frå Molde, kom med det første nummeret alt i 1843, og dekkjer i alt ni kommunar i Romsdal og på Nordmøre. Avisa vert redigert på bokmål.

I Gjemnes tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1919 (Øre). Frå 1938 var nynorsk tenestemålet i Gjemnes kommune, men etter samanslåinga i 1965 har kommunen vore språkleg nøytral. Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/2018 hadde 28 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Det er meir enn halvert frå 67 % i 2009/2010.

Knut Sjømæling (Sp) har vore ordførar sidan 2015.


Kjelder

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Store norske leksikon, bd. 6. Oslo 2005

Aviskatalogen.no, fakta om aviser ut frå geografiske områder, http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 4.8.2011]

Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Gjemnes kommune, http://www.ssb.no/kommuner/hoyre_side.cgi?region=1557 [lesedato 4.8.2011]

Nettstaden til Gjemnes kommune, http://www.gjemnes.kommune.no/ [lesedato 28.02.2011]

World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Møre og Romsdal fylke, http://www.wwv.no/norwegian.asp?FylkeId=14&sok [lesedato 4.8.2011]


Sist oppdatert: 18.12.2017