Hopp til innhold

Gjesdal kommune, Rogaland

Fjell- og innlandskommunen Gjesdal har ei rik tekstil- og kraftindustrihistorie. Kommunen har den yngste befolkninga i landet, med ein gjennomsnittsalder på 34,2 år.

Gjesdal kommune, 618 km2, ligg i Rogaland, ca. 30 km søraust for Stavanger, og har kring 11 500 innbyggjarar. Kommunen grensar til Forsand i nord, Sandnes i nordvest, Sirdal i aust, Bjerkreim i sør og Time i vest.

Gjesdal blei eigen kommune i 1837, men fekk sine noverande grenser i 1965, då delar av Bjerkreim, Time, Forsand og Høle blei innlemma i kommunen. Den største tettstaden er administrasjonssenteret Ålgård, der kring 75 prosent av innbyggjarane i kommunen er busette. Andre tettstadar er Gilja, Dirdal og Oltedal. Ifølgje statistikk frå 2014 har Gjesdal den yngste befolkninga i Noreg, med ein gjennomsnittsalder på 34,2 år.

Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandskommune som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane. I vest er det kupert terreng som karakteriserer naturlandskapet, og nær tettstaden Ålgård finn vi fleire innsjøar – mellom anna Edlandsvatnet, der lakseelva Figgjo har utspringet sitt. Fjell og dalar pregar naturen austover i kommunen, og fjellområdet Frafjordheiane har status som landskapsvernområde. I Gjesdal og nabokommunen Bjerkreim ligg Gloppedalsura, som blir rekna som den største steinura i Nord-Europa – skapt for ca. 10 000 år sidan, då isbreane smelta frå Gloppedalen. Med eit fritt fall på 92 meter er Månafossen den høgaste fossen i Rogaland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gloppedalsura i Gjesdal commune blir rekna som den største steinura i Nord-Europa. Foto: Falk Lademann Flickr.com CC BY 2.0.

Gloppedalsura i Gjesdal kommune, som blir rekna som den største steinura i Nord-Europa. Foto: Falk Lademann Flickr.com CC BY 2.0.

I eit historisk perspektiv har landbruk basert på sauehald, saman med ullvareproduksjon og kraftindustri, vore dei viktigaste levevegane i Gjesdal. Tettstadene Ålgård og Oltedal voks opp kring desse næringane. Medan ullvareproduksjonen i kommunen er historie, er vasskraftproduksjon stadig ei viktig næring. I tillegg sysselsette i 2013 verkstad-, trevare- og næringsmiddelindustri ca. 18 prosent av innbyggarane, landbruk ca. 5 prosent og varehandel ca. 20 prosent. Mange arbeidsplassar er òg knytte til helse og utdanning.

Det finst fleire kulturminne og museum i Gjesdal som vitnar om dei lange tradisjonane innanfor landbruk og industri. Limagarden, som ligg to kilometer sør for Ålgård, er eit gardstun med bygningar frå perioden 1800–1939. Tunet er ein del av Jærmuseet. Oltedal kraftstasjon og Veveriet, som høyrer til De Forenede Uldvarefabrikker, er viktige industriminne. Veveriet husar i dag både bibliotek og kommunestyresal. Fornøyelsesparken Kongeparken er ein av dei største turistattraksjonane i Rogaland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Veveriet i Ålgård sentrum i Gjesdal kommune. Veveriet er eit viktig industriminne., og husar i dag både bibliotek og kommunestyresal. Foto: Jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Veveriet i Ålgård sentrum i Gjesdal kommune. Veveriet er eit viktig industriminne., og husar i dag både bibliotek og kommunestyresal. Foto: Jechstra, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Lokalavis heiter Gjesdalbuen og kjem ut ein gong i veka. Avisa blir redigert på bokmål. I Gjesdal kommune har 25 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (2017). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast både på bokmål og nynorsk.

Frode Fjeldsbø (Ap) har vore ordførar sidan 2013.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. Nynorsk Kultursentrum 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen. Statistisk sentralbyrå, Oslo 1999

Hallvard Nordås: Gjesdal Bygdebok 1870–1989. Gjesdal 1989

aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 14.1.2015]

«Folkemengde og befolkningsendringar, 4. kvartal 213», ssb.no: http://ssb.no/befolkning/statistikker/folkendrkv/kvartal/2014-02-20?fane=tabell&sort=nummer&tabell=164147 [lesedato 19.1.2015]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 14.1.2015]

«Kulturminner i Gjesdal», gjesdalkultur.no: http://gjesdalkultur.no/wp-content/uploads/2014/07/LAVopplosningKulturminneplanVEDTATTkommunestyre030912oppdatert120214.pdf [lesedato 20.1.2015]

Nettstaden til Gjesdal kommune: http://www.gjesdal.kommune.no [lesedato 14.1.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting/DinRegion/syss_aar_nace_region.aspx [lesedato 20.1.2015]

Språkfakta 2010, aasentunet.no: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/Spr%C3%A5kfakta+2010.d25-SwlrG27.ips [lesedato 19.1.2015]

Peikarar

Nettstaden til Gjesdal kommune

Først publisert: 28.08.2015
Sist oppdatert: 18.12.2017