Hopp til innhold

Gloppen kommune, Sogn og Fjordane

I Gloppen vert det arrangert fleire musikkfestivalar, innanfor ulike sjangrar som rock, klassisk, country og blues.

Gloppen kommune, 966 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 5700 innbyggjarar og grensar i aust til Stryn, i sør til Jølster og Naustdal, i vest til Flora og Bremanger og i nord til Eid.

I 1886 vart Breim skilt ut som eigen kommune, men i 1964 vart dei to kommunane igjen slått saman. I 1913 vart eit mindre område overført frå Davik til Gloppen. I 1965 vart eit mindre område overført til Stryn. I 1992 vart eit mindre område overført til Eid.

Gloppen ligg på sørsida av Nordfjord, rundt dei to fjordarmane Hyefjorden og Gloppefjorden, og sørover frå desse. Administrasjonssenteret Sandane ligg inst i Gloppefjorden, og det meste av busetnaden ligg rundt denne fjordarmen og i dalføret austover frå Sandane og inn mot Byrkjelo, den andre tettstaden i kommunen. Der er òg litt busetnad inst i Hyefjorden, og dessutan ved Breimsvatnet, mellom Sandane og Byrkjelo. Terrenget vert gradvis høgare mot aust, og der ligg det høgaste punktet i kommunen, Snønipa, 1827 moh.

Jordbruk er framleis ei av dei viktigaste næringane, med husdyrhald som det vanlegaste. Ein av dei største arbeidsplassane i kommunen er Tine Meieriet Vest på Byrkjelo. Gloppen er ein av dei viktigaste jordbrukskommunane i fylket. Det finst litt industri, mellom anna produksjon av møblar, vindauge og ulike plastprodukt.

Glopperock vart første gongen arrangert i 1980, Norsk Country Treff kom til i 1995, medan Fjordblues skriv historia si attende til 1998. Gloppen Musikkfest starta i 2003. Nordfjord Folkemuseum ligg sentralt på Sandane og har 44 bygningar. Kunstnaren Stig Eikaas har eige galleri i Hyen.

Firda Tidend er lokalavis for Gloppen og indre Jølster og kom med det første nummeret i 1924. Avisa har hovudkontor på Sandane, kjem ut tre gonger i veka og er redigert på nynorsk.

I Gloppen tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1919, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har ni grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 100 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Leidulf Gloppestad (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 6. 2005

http://www.gloppen.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017