Hopp til innhold
Gol kommunevåpen har tre  svarte nøklar mot bakgrunn i gull som viser nøklane frå stavkyrkjene i Gol
Gol kommunevåpen har tre svarte nøklar mot bakgrunn i gull som viser nøklane frå stavkyrkjene i Gol
X
Innhald

Gol kommune, Buskerud

Gol stavkyrkje vart i 1884 flytta til det som i dag er Norsk Folkemuseum i Oslo. I 1994 vart det sett opp ein kopi i Gol sentrum

Gol kommune, 533 km2, ligg i Buskerud, har om lag 4400 innbyggjarar og grensar i sør til Nes, i vest til Ål og Hemsedal og i nord til Nord-Aurdal og Sør-Aurdal i Oppland.

Grensene har vore uendra sidan 1897, då Hemsedal vart skilt ut som eigen kommune.

Gol ligg midt i Hallingdal og omfattar i tillegg dei nedste delane av sidedalen Hemsedal og fjellviddene på begge sider av desse dalane. Administrasjonssenteret Gol ligg der Hemsedal møter hovuddalføret, og her bur over halvparten av innbyggjarane i kommunen. Det er elles tett busetnad i Hemsedal og på nordsida av Hallingdalselva. Terrenget i fjellområda er lite kupert, med unntak av områda lengst mot aust. Der ligg òg det høgaste punktet i kommunen, Nystølsvarden, 1295 moh.

Jordbruket sysselset mange, og hovudvekta ligg på storfe og sau. Innanfor industrien dominerer næringsmiddelindustri, med mellom anna slakteri og bakeri. Gol er ein av dei store reiselivskommunane i landet, med store overnattingsstader både i sentrum og på Golsfjellet. Nær sentrum ligg kraftverket Hemsil II, som har ein årsproduksjon på 465 GWh.

I 1958 tok Hallingdal folkehøgskule over garden Skaga, som ligg i lia vest for sentrum. Tunet på garden vart skilt ut som Gol museum, som er ei avdeling av Hallingdal museum. På Golsfjellet er det godt tilrettelagt for friluftsaktivitetar, med store løypenett både sommar og vinter.

Hallingdølen er lokalavis for heile Hallingdal og kom med det første nummeret i 1936. Avisa har hovudkontor på Ål, kjem ut tre dagar i veka og er redigert på nynorsk.

Nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1931. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 21 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Det er halvert sidan skuleåret 2009/2010.

Heidi Granli (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 6. 2005

http://www.gol.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 26.05.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017