Hopp til innhold
Granvin kommunevåpen viser ei hardingfele i gull mot grøn bakgrunn.
Granvin kommunevåpen viser ei hardingfele i gull mot grøn bakgrunn.
X
Innhald

Granvin herad, Hordaland

Granvin herad har rike folkemusikktradisjonar, og her bur mellom anna felespelaren Knut Hamre, som har vunne landskappleiken seks gonger.

Granvin herad, 212 km2, ligg i Hordaland, har om lag 960 innbyggjarar og grensar i sør til Ullensvang, i vest til Kvam, i nord til Voss og i aust til Ulvik.

Granvin herad skifta i 1859 namn til Ulvik. I 1891 vart Granvin skilt ut som eigen kommune. I 1964 vart to krinsar på nordsida av Hardangerfjorden overførte frå Ullensvang til Granvin. Granvin herad er ein av fire kommunar som bruker ordet herad, også dei tre andre ligg i Hardanger. 1.1.2020 blir Granvin og Voss slått saman til ein kommune. 

Granvin Bryllaup i Granvin 1895 KJelde Nasjonalbiblioteket.jpg?w=600
Bryllaup i Granvin i 1895. Ukjend fotograf. Kjelde: Nasjonalbiblioteket.

Riksveg 7 og riksveg 13 går gjennom Granvin, og dei fleste i kommunen er busette langs desse vegane. Inst i Granvinsfjorden ligg administrasjonssenteret Granvin. Frå Granvin er det nokre kilometer til Granvinsvatnet. Fjellsidene er bratte, men vegane til Voss og Ulvik går likevel ikkje høgare enn rundt 340 moh. Det høgaste punktet i Granvin er Olsskavlen, 1576 moh.

Den viktigaste næringsvegen i Granvin er husdyrbasert jordbruk. Kommunen har lite industri, med sagbruket Granvin Bruk som den største verksemda. Rundt ein tredel av dei yrkesaktive arbeider i andre kommunar, først og fremst Voss.

Granvin bygdatun har seks bygningar, mellom anna ei særprega årestove. Hardangerbanen mellom Granvin og Voss opna i 1935 og vart nedlagd i 1988.

Avisa Hordaland er lokalavis for Voss, Granvin, Ulvik og Vaksdal og kom med første nummeret i 1883. Avisa har hovudkontor på Voss, kjem ut tre gonger i veka og er redigert på nynorsk.

I Granvin tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1904. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1920, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2017/2018 har 100 % av elevane ved denne skulen nynorsk.

Ingebjørg Winjum (V) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland. 1993

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 6. 2005

http://www.granvin.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017