Hopp til innhold
Kommunevåpenet i Gulen har to kvite krossar på blå bakgrunn. Det viser steinkrossane i Eivindvik; dei første momumenta over kristendommen  i Noreg.
Kommunevåpenet i Gulen har to kvite krossar på blå bakgrunn. Det viser steinkrossane i Eivindvik; dei første momumenta over kristendommen i Noreg.
X
Innhald

Gulen kommune, Sogn og Fjordane

I Eivindvik i Gulen kommune låg Gulatinget, den eldste tingstaden i Norden, og der vart Gulatingslova til, den eldste kjende nedskrivne lova i Noreg.

Gulen kommune, 576 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 2300 innbyggjarar og grensar i nord til Solund og Hyllestad, i aust til Høyanger og i sør til Masfjorden og Austrheim i Hordaland.

Gulen heitte Evenvik fram til 1890. I 1858 vart Solund skilt ut som eigen kommune. I 1964 vart Brekke slått saman med Gulen, samstundes som eit mindre område vart overført frå Gulen til Solund.

Kommunen ligg ved innløpet til Sognefjorden, på sørsida av fjorden. Gulafjorden går parallelt med Sognefjorden og deler seg i tre smale fjordarmar: Eidsfjorden, Austgulfjorden og Nordgulfjorden. Ei mengd øyar og holmar høyrer til kommunen. På fleire av dei er det busetnad, mellom anna ligg tettstaden Byrknes på vestsida av øya Grima. Den einaste tettstaden på fastlandet er administrasjonssenteret Eivindvik, som ligg på nordsida av Gulafjorden. Landskapet er prega av avrunda åsar, som vert gradvis høgare austover i kommunen. Det høgaste punktet i kommunen er Svadfjellet, 878 moh.

Jordbruk er framleis ei viktig næring, med hovudvekt på husdyrhald. Gardsbruka i Gulen er i gjennomsnitt dei største i fylket. Fiske er ei anna viktig næring. Kommunen har mykje fiskeoppdrett, og det finst fleire fiskeforedlingsverksemder. Den største verksemda i kommunen er Halsvik Cementindustri.

I Gulen er det mellom anna funne fleire bustader frå steinalderen og gravrøyser frå bronsealderen. Gulatinget vart truleg skipa på 800-talet, og der vart mellom anna Magnus Lagabøtes landslov, den eldste norske landslova, utforma. Tinget låg i Eivindvik. På Flolid er det laga ein Gulatingpark, med eit minnesmerke laga av Bård Breivik. I Eivindvik står to store steinkrossar.

Granvin Statue av Kong Olav av Knut Steen foto Birthe Johanne Finstad Sogn og Fjordane fylkeskommune CC BY SA 2.jpg?w=600

I Skjerjehamn i Gulen kommune finn vi ein statue av Kong Olav, laga av kunstnaren Knut Steen. Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune CC BY SA 2.0

Den største avisa i kommunen er Nordhordland, som i tillegg til Gulen dekkjer seks kommunar i Nordhordland. Avisa kom med det første nummeret i 1974 og har hovudkontor i Knarvik. Avisa kjem ut to gonger i veka og er redigert på nynorsk.

I Gulen tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1902 (Brekke). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921 (Brekke), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har fire grunnskular, og skuleåret 2009/10 har 98 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Hallvard Oppedal (Sp) har vore ordførar sidan 2011.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 6. 2005

http://www.gulen.kommune.no/

www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 01.12.2015