Faktaboks

Administrasjonssenter
Varhaug
Fylke
Rogaland
Innbyggjartal
19 296 (2022)
Landareal
248 km²
Høgaste fjell
Brusaknuden (416 moh.)
Målform
nøytral

Kommunevåpen

Kart: Hå kommune i Rogaland
Hå kommune i Rogaland fylke.
Kart: Hå kommune i Rogaland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Hå.

Grødeland bygdetun med jærhus frå slutten av 1700- og starten av 1800-talet. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, utgjeve i 2005–2007.

Av /NTB Scanpix ※.

Hå er ein kommune i Rogaland fylke, den sørlegaste kommunen på Jæren. Hå omfattar også den mest nordvestlege delen av Dalane, den tidlegare Ogna kommune, som no utgjer den sørlegaste delen av Hå.

Hå kommune vart opphavleg oppretta i 1837, då det kommunale sjølvstyret vart innført. Denne kommunen vart i 1894 delt i Nærbø og Varhaug kommunar. Dei noverande grensene fekk Hå i 1964, då Nærbø og Varhaug vart slått saman igjen, og dessutan fekk innlemma Ogna kommune. Den nye kommunen fekk ved kommunesamanslåinga i 1964 tilbake det gamle namnet Hå.

Hå grensar i nord til Klepp og Time, i aust til Bjerkreim og i sør til Eigersund.

Natur

Dalane
Kupert og nakent heilandskap øst for Sirevåg.
Av /Bahnbilder.
Lisens: CC BY NC SA 3.0

Berggrunnen i Ogna består av grunnfjell, gneis heilt i nord, elles anortositt, ein bergart som forvitrar seint og gjev ei svært skrinn jord. Landskapet er, som elles i Dalane, eit sterkt kupert heielandskap med sparsamt jordsmonn.

Ved Brusand skiftar landskapet heilt karakter. Nordanfor finn ein Jærens karakteristiske sletteland med mektige avsetningar av fruktbar morenejord. Desse er avsette nordvest for ei linje Varhaug–Oppstad, over ein berggrunn av ulike gneisar av kaledonsk alder, og av omdanna kambrosiluriske skifrar (fyllitt) i ei 2–3 kilometer brei sone søraust for dette. Mellom Brusand og Vigrestad består berggrunnen av grunnfjellsgneis av same typen som i nordre del av Ogna. Landskapet hevar seg jamt nordaustover og går etter kvart over i Høg-Jæren. I grensetraktene mot Time og Bjerkreim i nordaust ligg dei høgaste områda i kommunen. Her når Brusaknuden 430 meter over havet like over grensa til Time.

Kysten er for det meste utan skjergard eller vesentlege innskjeringar. Nord for Håelva, som munnar ut nord for Obrestad fyr, finn ein sanddyner med marehalm, lenger sør morenebakkar, for ein vesentleg del med eit rullesteinsbelte i strandkanten. I Ognabukta i sør er ei større kyststrekning med flygesand. Størsteparten av kyststrekninga i kommunen ligg innanfor Jærstrendene landskapsvernområde.

Klima

Den kaldaste månaden er januar med normal på 2,0 °C, og den varmaste månaden er august med normal på 15,2 °C. Mest nedbør er det i oktober med normal på 154,7 millimeter, og minst er det i mai med normal på 63,6 millimeter. Målingane er gjorde ved Obrestad fyr.

Busetjing

Busetjinga i Hå viser ein sterk konsentrasjon til slettelandet frå Brusand og nordover. Her bur vel 90 prosent av innbyggjarane på rundt 1/3 av arealet. Kommunen har åtte tettstader (folketal 2020): Nærbø (7300), administrasjonssenteret Varhaug (3283), Vigrestad (2110), Hæen (770) Sirevåg (668), Brusand (427) Ogna (387) og Nærland (249). I alt 79 prosent av innbyggjarane i Hå kommune bur i tettstader, mot 88 prosent i Rogaland fylke samla sett (2020).

Innanfor dei noverande kommunegrensene har det i heile etterkrigstida vore ein klar vekst i folketalet. I tiårsperioden 2004–2014 steig folketalet med gjennomsnittleg 2,2 prosent årleg, mot 1,7 prosent i fylket samla sett.

Kart over Hå kommune
Kart over Hå kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Det er 9411 sysselsette i kommunen (2020). Av desse er berre om lag åtte prosent sysselsette i primærnæringane. Hå er allikevel ein av dei viktigaste jordbrukskommunane i landet, og nesten 1/3 av areala i kommunen er nytta til jordbruksføremål. Hå har klart størst jordbruksareal av kommunane i fylket. Hovudvekta i jordbruket er laga på husdyrproduksjon med storfe og svinehald, men hønsehaldet er og viktig. Vidare har Hå etter Klepp størst kornareal blant kommunane i fylket. Stort husdyrhald og intensiv grasproduksjon fører likevel til at kornarealet berre utgjer 3–4 prosent av det samla jordbruksarealet i kommunen. Trass i sterk tettstadsvekst i Hå har jordbruksarealet stort sett vore stabilt sidan tusenårsskiftet, noko som kjem av ei viss nydyrking i kommunen.

Sekundærnæringane omfattar 38 prosent av arbeidsplassane i Hå (2020). Industrien er i vesentleg grad basert på landbruket, i form av næringsmiddel- og verksstadsindustri. Hå har det største meieriet i landet. Dette ligg på Nærbø og produserer mellom anna fleire ostetypar, smør og prim. Også slakteriverksemda er svært betydeleg, med mellom anna eit større kyllingslakteri og eggpakkeri. Av annan næringsmiddelindustri finst der ferdigmatproduksjon på Varhaug. Sirevåg var tidlegare ei viktig fiskerihamn, men brukast nå berre av fritidsbåtar.

Tertiærnæringane er i Hå dei viktigaste med om lag 54 prosent av dei sysselsette (2020). Av desse har om lag halvparten arbeid innanfor varehandel, hotell og restaurant, samferdsel og finanstenester.

Pendlinga er ganske stor i Hå. I 2021 pendla 4448 personar ut av kommunen og 2704 inn.

Ognaelva er det einaste vassdraget som er utbygd til kraftføremål i kommunen. Hetland kraftverk har 1,5 MW maksimal yting og 9,1 GWh i gjennomsnittleg årsproduksjon.

Samferdsel

Obrestad fyr
Obrestad fyr
Obrestad fyr

Hovudtrafikkårene gjennom Hå er Sørlandsbanen og fylkesveg 44 som begge går nord–sør gjennom kommunen. Seks av dei åtte tettstadene har vakse fram omkring jernbanestasjonar. Det er lokaltogsamband med hyppige avgangar på strekninga EgersundStavanger.

Fylkesveg 504 knyter fylkesveg 44 ved Varhaug til E39 ved Bue på Høg-Jæren. E39 fører nordover til Stavanger aust for kommunen. Frå Søyland på fylkesveg 44 vest for Nærbø fører fylkesveg 507 nordover langs kysten over Jærens rev.

Nasjonal turistveg Jæren følgjer fylkesveg 44 og fylkesveg 507 gjennom kommunen.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Søraust for Nærbø ligg Åna fengsel, tidlegare Oppstad tvangsarbeidshus, med eit av dei største gardsbruka i landet (1250 dekar innmark). På Kaffiholen nord for Nærbø er der ein større kontrollavlsstasjon for høns.

Nærlandheimen heilt nordvest i kommunen var tidlegare sentralinstitusjon for psykisk utviklingshemma. No er det mellom anna bukollektiv for personar med utviklingshemming og ein rehabiliteringsklinikk som vert driven av Landsforeningen for hjerte- og lungesyke.

Hå høyrer til Sør-Vest politidistrikt, Sør-Rogaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Jærrådet saman med Gjesdal, Klepp, Sandnes og Time.

Hå kommune svarar til dei tre sokna Nærbø, Ogna og Varhaug i Jæren prosti (Stavanger bispedøme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Hå til Jæderen og Dalene fogderi (futedøme) i Stavanger amt.

Delområde og grunnkrinsar i Hå

For statistiske føremål er Hå kommune (per 2016) delt inn i fem delområde med til saman 42 grunnkrinsar:

  • Høyland: Refsnes, Nærland, Høyland, Rimestadkrossen, Søyland
  • Nærbø: Hå - Obrestad, Reime, Nesheim - Skjærpe, Bjorland - Torland, Bjorhaug, Bø, Skjærpefeltet, Nærbø stasjon, Motland, Skår, Rosk, Ødemotland - Kvia, Bø - Våland, Håland - Opstad, Åna kretsfengsel
  • Varhaug: Lerbrekk, Dysjalandsvegen, Varhaug vest, Varhaug øst, Reiestad - Tjemsland, Ånestad, Ueland, Auestad, Husvegg - Odland
  • Vigrestad: Årsland - Hårr, Vold, Vigrestad - Haugland, Vigrestad - Haugstad, Vigrestad - Hjertholen, Håland - Ævestad, Rugland
  • Ogna: Brusand, Sandve - Fuglestad, Matningsdal, Ogna, Sirevåg, Sirevåg sør

Historikk og kultur

Hå gamle prestegard

Hå har ei rekkje fortidsminne, særleg frå jernalder og folkevandringstida (sjå Hå (gravfeltet)). Fleire gardsanlegg frå jernalder og folkevandringstid er av særleg kulturhistorisk interesse. Hå bygdemuseum har samlingar av kulturhistoriske gjenstandar og bygningar, mellom anna Grødeland bygdetun med gardstun frå 1700-talet (jærhus). På Nærbø ligg administrasjonen for Jærmuseet, eit kulturhistorisk regionmuseum med anlegg og utstillingar i ei rekkje kommunar på Jæren.

Brusand ligg Varden Sjøredningsmuseum. Der er og ein statue av Tønnes H. Puntervold, stiftaren av «Selskabet til Skibbrudnes redning» (Redningsselskapet). Like ved ligg også «Hitlertennene», som er rekkjer med steinhinder som vart bygde av tyskarane under andre verdskrigen for å hindra alliert invasjon. Hå gamle prestegard frå 1637 er restaurert til kultursenter og fornminneområde. Den Vestlandske hovudveg er restaurert til turveg mellom Ogna og Hellvik. Obrestad fyr er freda. Til liks med Kvassheim fyr er det ope for allmenta.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1991) har eit sølvfarga vinsjestativ (steinbukk eller stubbebrytar) mot ein svart bakgrunn. Dette illustrerer den omfattande steinryddinga som har vore nødvendig for å gjera jorda i kommunen dyrkbar. Dei tre føtene på steinbukken kan òg symbolisera dei tre delane av kommunen – Nærbø, Varhaug og Ogna.

Namnet Hå, som opphavleg er eit gardsnamn frå mellomalderen (prestegarden), har usikker betydning. Det kan ikkje forklarast ved norrønt hár, hór, eit adjektiv som betyr høg. Namnet kan kanskje koma av eit eldre namn på Håelva, kanskje til norrønt , ‘stille elveutviding’. Det er også sett fram forslag om at namnet byggjer på det norrøne substantivet hár, ‘årekeip’, noko som i så fall må visa til neset der garden ligg.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenkjer

Litteratur

  • Edland, Torgeir (1971–1975): Gards- og ættesoga for Haa, tre bind
  • Obrestad, Tobias og Reiestad, Lars Martinsen (1939): Hå : Nærbø-Varhaug 1837–1937: og ymse tilfang til ei bygdebok for Hå prestegjeld
  • Risa, Lisabet (1990): Bilete frå Hå : folk og miljø 1860–1950, isbn 82-90813-06-6
  • Risa, Lisabet (1989): Hå gamle prestegard : 1637–1989, isbn 82-90813-03-1
  • Tjåland, Johan (2004): Øvra bygdå : folket og eigedomane gjennom dei siste 500 åra, 339 sider.

Kommentarar (3)

skreiv Olav Garvik

Hei,
I artikkelen om Hå står det om et tettsted som angivelig heter "Hæen". Det er ubegripelig. Som oppvokst i Hå lurer jeg på hvordan denne merkverdighet er oppstått. Det er ikke noe navn som minner om dette. Det må strykes - og glemmes!
Mvh
Olav Garvik

skreiv Per Roger Lauritzen

Hei
Det er det navnet Stokkalandsmarka er oppført med på norgeskart.no. Vi oppgir forøvrig dette som alternativt navn i den lille artikkelen om Hæen. Vil det være bedre at dette byttes om? Mvh Per Roger Lauritzen

skreiv Olav Garvik

Hei,
Dette svaret er dessverre i seneste laget. Men igjen: Hæen er absolutt et "fremmedord" i denne forbindelse. Det får ikke hjelpe hva norgeskart.no måtte bruke. Ikke en kjeft i Hå vil kjenne dette ordet. Artikkelen om Hå er for øvrig meget god. Men jeg vil be deg oppdatere sekvensen om Sirevåg. Det som står der er helt utdatert. Det er ingen som driver fiske fra Sirevåg lenger, og det er femten år siden det var fiskeforedling der. I dag er det bare en havn for fritidsfartøy. Dessuten: Det heter "på Brusand", ikke "i Brusand".
Vennlig hilsen
Olav Garvik,
fagansvarlig (og oppvokst på Brusand)

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg