Hopp til innhold
Hå kommune sitt kommunevåpen. Motivet er eit sølv vinsjestativ på svart grunn.
Hå kommune sitt kommunevåpen. Motivet er eit sølv vinsjestativ på svart grunn.
X
Innhald

Hå kommune, Rogaland

Skuleåret 2017/2018 hadde 2 512 elevar i Hå kommune nynorsk som opplæringsmål. Det vil seie at Hå kommune, som er språknøytral, er den kommunen i landet som har flest nynorskelevar.

Hå kommune, 258 km2, ligg i Rogaland, har om lag 16 300 innbyggjarar og grensar i nord til Klepp og Time, og i aust til Bjerkreim og Eigersund.

I 1894 vart Hå kommune delt i to, og dei to nye kommunane fekk namna Nærbø og Varhaug. I 1964 vart desse to kommunane slått saman med Ogna kommune, til ein ny kommune som igjen fekk namnet Hå.

I Hå er der seks tettstader: Brusand, Ogna, Sirevåg, Nærbø, Vigrestad og administrasjonssenteret Varhaug. Det er i tillegg spreidd busetnad over det meste av kommunen. Lengst sør, rundt Ognadalen, er det kupert heilandskap, men i resten av kommunen er det flatt jærlandskap, som stig svakt frå havet i vest. Det høgaste punktet i kommunen er Brusaknuten, 430 moh.

Båtstøer ved Varhaug gamle kyrkjegard. Foto: Leif Harboe, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Båtstøer ved Varhaug gamle kyrkjegard. Foto: Leif Harboe, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Hå er av dei viktigaste jordbrukskommunane i landet, og rundt halvparten av kommunen er jordbruksareal. Innanfor jordbruket dominerer husdyrproduksjon. Mykje av industrien er knytt opp mot jordbruket, mellom anna i Kvia næringsmiddelpark, der fleire tunge aktørar har etablert seg frå 2004. I kommunen er det òg ein del verkstadindustri.

Ved garden Hå ligg der eit stort strandgravfelt, der ein mellom anna fann ei av dei eldste båtgravene i Norden. Her er rundt 60 graver, der dei fleste er frå folkevandringstida 400–800 e.Kr, og der dei fleste gravene er kvinnegraver. Like ved gravfeltet ligg Hå gamle prestegard, som arrangerer konsertar og kunstutstillingar. I tunet på prestegarden er der eit fornminneområde med busetnad frå steinalderen. På Nærbø ligg regionmuseet Jærmuseet, som òg er regionalt kunnskapssenter for Sør-Vestlandet, og som har driftsansvar for Nasjonalt Garborgsenter. Ved kysten er der fleire sandstrender.

Den mest lesne avisa i kommunen er Jærbladet. Avisa har hovudkontor på Bryne, men dekkjer òg kommunane Hå og Klepp. Avisa vart grunnlagd i 1949, kjem ut tre gonger kvar veke og er redigert på begge målformer.

I Hå tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1908 (Nærbø og Ogna). Nynorsk liturgi vart røysta inn rundt 1940. Kommunen har ikkje gjort vedtak om tenestemål, og er altså språkleg nøytral. Kommunen har ni grunnskular, og skuleåret 2016/2017 hadde 98 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Jonas Skrettingland (H) har vore ordførar sidan 2015.


Kjelder

Ragnar Fitje: Nærbø Sparebank 1859–1959. Sandnes 1960

Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. Hovdebygda 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Store Norske Leksikon, bd. 11. Oslo 2006

Aviskatalogen.no, fakta om aviser ut frå geografiske områder, http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 3.7.2011]

Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Hå kommune,

http://www.ssb.no/kommuner/hoyre_side.cgi?region=1119 [lesedato 3.7.2011]

Nettstaden til Hå kommune, http://www.ha.no/ [lesedato 3.7.2011]

World Wide Vikings, www.no, liste over fjell i Rogaand fylke, http://www.wwv.no/norwegian.asp?FylkeId=11&sok= [lesedato 3.7.2011]

Først publisert: 03.07.2011
Sist oppdatert: 17.12.2017