Hopp til innhold
Hægebostad kommune sitt kommunevåpen. Motivet er to sverd i gull på raud bakgrunn, og speglar funn gjort i graver frå jernalderen.
Hægebostad kommune sitt kommunevåpen. Motivet er to sverd i gull på raud bakgrunn, og speglar funn gjort i graver frå jernalderen.
X
Innhald

Hægebostad kommune, Vest-Agder

I 1933 vart Snartemosverdet frå 500 e.Kr. funne på garden Snartemo i Hægebostad kommune, og det er laga ein eigen bautapark nær funnstaden.

Hægebostad kommune, 460 km2, ligg i Vest-Agder, har om lag 1600 innbyggjarar og grensar i nord til Åseral, i aust til Audnedal, i sør til Lyngdal og i vest til Kvinesdal. I 1916 vart Eiken kommune skilt ut frå Hægebostad kommune, og dei to kommunane eksisterte side ved side fram til 1963, då dei vart slått saman igjen.
 
Kommunen ligg i den øvre delen av Lyngdalen, og elva Lygna, som er varig verna, renn gjennom kommunen. Administrasjonssenteret er Birkeland. Det tettast busette områda i kommunen er Skeie i Eiken og Snartemo. På begge sider av dalen er det heilandskap, med Oddevassheia (965 moh.) som det høgaste punktet.
 
Der finst fleire mindre industriområde i kommunen. Mekanisk industri dominerer, men mange arbeider òg ved sagbruk og trelastlager. Eikås sagbruk er det største i fylket. Innanfor jordbruket driv dei fleste med husdyrhald, der dei store heiområda gir gode beiteområde for sauene.
 
Tingvatn ligg ved den sørlege enden av innsjøen Lygne, og er, slik namnet fortel, staden der tinget vart halde. På sjølve tingstaden finst det mellom anna eit titals gravhaugar frå jernalderen, og dessutan fleire steinringar. Tingvatn fornminnepark og besøkssenter IKS opna i 2011.
 
I Hægebostad tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1912 (Eiken), nynorsk liturgi vart røysta inn i 1918 (Eiken), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1923 (Eiken). Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 100 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
 
Margrethe Handeland (Sp) er ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 7. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017