Hopp til innhold
Halsa kommune sitt kommunevåpen. Kommunevåpenet i sølv og blått symboliserer korleis Halsafjorden, Skålviksfjorden og Valsøyfjorden skjer seg inn i landskapet. Kommunevåpenet er formgitt av Asbjørn Heggem og vedtatt i 1988.
Halsa kommune sitt kommunevåpen. Kommunevåpenet i sølv og blått symboliserer korleis Halsafjorden, Skålviksfjorden og Valsøyfjorden skjer seg inn i landskapet. Kommunevåpenet er formgitt av Asbjørn Heggem og vedtatt i 1988.
X
Innhald

Halsa kommune, Møre og Romsdal

Halsa kommune på Nordmøre er omkransa av vakre fjordar. Her finn vi Geitbåtmuseet, med tradisjonelle trebåtar og eige båtbyggjeri, der gamle båtbyggjarteknikkar blir haldne i hevd.

Halsa kommune, 301 km2, ligg på Nordmøre og har om lag 1560 innbyggjarar. I aust grensar Halsa til Hemne kommune og i sør til Surnadal. Over Halsafjorden i vest grensar kommunen til Tingvoll og over Arasvikfjorden/Korsnesfjorden i nord til Aure.

Halsa blei eigen kommune i 1837. Dei noverande grensene fekk kommunen i 1976, då delar av Aure kommune blei overført til Halsa. Administrasjonssenteret er Liabø. Halsa, Hemne og ein tredel av Snillfjord blir slått saman 1.1.2020. Då byter Halsa fylke. 

Halsa ligg heilt nordaust i Møre og Romsdal, på grensa til Sør-Trøndelag, og er omkransa av fjordar. Kommunevåpenet i sølv og blått symboliserer korleis Halsafjorden, Skålviksfjorden og Valsøyfjorden skjer seg inn i landskapet. Langs fjordane finn vi område med lågland, medan terrenget lenger innover i kommunen er meir kupert. Det høgaste fjellet er Hjelmen, 978 moh.

Halsafjorden i Halsa kommune. Foto: Willyno, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Halsafjorden i Halsa kommune. Foto: Willyno, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Jordbruk, skogbruk og fiske står for heile 17 prosent av sysselsetjinga i Halsa kommune. Industri utgjer om lag 19 prosent, der verkstadindustrien, med produksjon av mellom anna skip og oljeplattformer, er den største. Offentlege tenester som helse, undervisning og sosialtenester står for over 30 prosent av sysselsetjinga. Den største bedrifta i kommunen er Vågland Båtbyggeri. Andre viktige bedrifter finn ein i oppdrettsnæringa, i selskap som Lerøy og SalMar.

Geitbåtmuseet på Engan ved Valsøyfjorden har om lag 50 tradisjonelle trebåtar til utstilling, og den eldste båten er frå 1700-talet. Namnet på museet viser til geitbåten, ein tradisjonell ro- og seglbåttype frå Nordmøre og Romsdal. Geitbåtmuseet er samstundes eit aktivitetsmuseum med eige båtbyggjeri, der dei held gamle teknikkar i hevd. Halsa kyrkje nær Halsa sentrum er ei krosskyrkje frå 1724, og Valsøyfjord kyrkje på Otnes er frå 1863.

Lokalaviser er Tidens Krav, som kjem ut i Kristiansund, og Driva, som kjem ut i Sunndal.

I Halsa har 2,5 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (tal frå 2014). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.

Ola Rognskog (Sp) har vore ordførar sidan 2007.

Kjelder

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 6.1.2016]

Om Geitbåtmuseet, nordmore.museum.no: http://www.nordmore.museum.no/besøk-oss/halsa/geitbåtmuseet [lesedato 7.1.2016]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 6.1.2016]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting/DinRegion/syss_aar_nace_region.aspx [lesedato 6.1.2016]

Nettstaden til Halsa kommune: http://www.halsa.kommune.no [lesedato 6.1.2016]

Peikarar

Nettstaden til Halsa kommune

Først publisert: 27.10.2016
Sist oppdatert: 22.03.2017