Hopp til innhold

Haram kommune, Møre og Romsdal

Haram vart i 1893 den første kommunen i Møre og Romsdal som tok i bruk nynorsk som opplæringsmål i skulen, og i 1911 den første kommunen på Vestlandet som røysta inn nynorsk liturgi.

Haram kommune, 260 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 8600 innbyggjarar og grensar i sør til Skodje og Ålesund, i vest til Giske, i nord til Sandøy og Midsund, og i aust til Vestnes.
 
Kommunen fekk dei noverande grensene i 1965. Då vart kommunen slått saman med store delar av Vatne kommune og eit mindre område av Borgund, samstundes som eit mindre område vart overført til Sandøy.
 
Haram ligg på sørsida av Romsdalsfjorden, heilt ute ved kysten. Det meste av kommunen er fastland, men det er òg busetnad på dei fire Nordøyane. Det administrative senteret i kommunen er Brattvåg, med rundt 2100 innbyggjarar, og det finst òg tre mindre tettstader i kommunen: Vatne, Søvik og Austnes. Både på fastlandet og på øyane er det stort sett kupert terreng. Det høgaste punktet i kommunen, Blåskjerdingen (1091 moh.), er grensefjell mot Vestnes.
 
Den viktigaste næringsgreina i kommunen er industri, med over 40 % av dei yrkesaktive. Nærleiken til havet, og dei rike fiskeritradisjonane, gjer at dei fleste verksemdene er knytte til fiskerinæringa, med maritim verkstad- og verftsindustri som det vanlegaste. I tillegg finst det ei rekkje mindre verksemder, som mellom anna driv med produksjon av møblar og tekstilar. I kommunen er det òg ein del jordbruk, der husdyrhald er det vanlegaste.
 
Haramsnytt er lokalavis for kommunane Haram og Sandøy og vert redigert frå Brattvåg. Avisa kom med det første nummeret i 1971, kjem ut to gonger i veka og er redigert på nynorsk.
 
I Hamnsundhellaren ved Grytafjorden er det gjort funn frå yngre steinalder, bronsealderen og jernalderen. To mindre museum i kommunen har samlingar frå fiskeindustrien, Kystmuseet på Longva stiller ut tradisjonelle fiskereiskapar, medan Fiskerimuseet på Fjørtoft har båtar, motorar og ei stor fotosamling. I 2006 opna kommunen eit nytt kulturhus, Ingebrigt Davik-huset. Huset er oppkalla etter barnebokforfattaren Ingebrigt Davik.
 
I Haram tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1893. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1911, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har elleve grunnskular, og i skuleåret 2017/18 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
 
Vebjørn Krogsæter (Sp) har vore ordførar sidan 2015.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 6. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017