Hopp til innhold
Hareid kommunevåpen viser tre pilspissar i sølv mot blå bakgrunn, eit symbol på slaget i Hjørungavåg i 986.
Hareid kommunevåpen viser tre pilspissar i sølv mot blå bakgrunn, eit symbol på slaget i Hjørungavåg i 986.
Hareid kommunevåpen viser tre pilspissar i sølv mot blå bakgrunn, eit symbol på slaget i Hjørungavåg i 986.
X
Innhald

Hareid kommune, Møre og Romsdal

Hareid kommune var sentrum for selfangst frå Vestlandet dei første tiåra av 1900-talet, og på det meste dreiv 47 skuter frå Brandal fangst i polarstrøka.

Hareid kommune, 82 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 4800 innbyggjarar og grensar i vest og sør til Ulstein, i aust til Ørsta og i nord til Sula og Giske.
 
Kommunen vart skilt ut frå Ulstein i 1917. I 1958 vart eit mindre område overført til Borgund, noverande Sula kommune.
 
Den største øya på Sunnmøre, Hareidlandet, er delt mellom to kommunar, og Hareid ligg på den austlege delen av denne øya. Landskapet er kupert, og det høgaste punktet i kommunen er Kongsvollen, 683 moh. Over 80 % av innbyggjarane i kommunen bur i administrasjonssenteret Hareid, og det finst òg to mindre tettstader i kommunen, Brandal og Hjørungavåg. Frå Hareid går det ferje austover til Sula, med veg vidare til Ålesund. Då Eiksundsambandet opna i 2008, fekk Hareidlandet ferjefritt vegsamband til fastlandet.
 
I Hareid er industrien den dominerande næringsgreina. Flest tilsette er det i maritim/olje- og verkstadrelatert industri, men det finst òg møbel-, tekstil- og næringsmiddelindustri. Kommunen har ein del fiske, medan jordbruket i dag i hovudsak vert drive i kombinasjon med anna arbeid. Rundt 40 % av dei yrkesaktive arbeider i andre kommunar, først og fremst Ulstein og Ålesund.
 
I slaget ved Hjørungavåg i 986 sigra Håkon jarl over jomsvikingane frå Danmark og Tyskland. Tusen år seinare vart det reist eit nasjonalmonument til minne om dette slaget. Ishavsmuseet Aarvak har sidan 1998 halde til i ei stor sjøbu i Brandal og dokumenterer korleis folk frå Vestlandet dreiv aktiv fangst i polarstrøk. Den årlege Hareidstemna vart første gongen arrangert i 1962. Det er ei kulturmønstring som hentar aktørar både lokalt og nasjonalt.
 
Lokalavisa Vikebladet Vestposten dekkjer kommunane Ulstein og Hareid. Avisa kom med det første nummeret i 1989, etter at dei to avisene Vikebladet og Vestposten vart slått saman. Avisa kjem ut tre gonger i veka og er redigert på nynorsk.
 
I Hareid tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1907. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har fire grunnskular, og skuleåret 2009/10 har 100 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
 
Anders Riise (H) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 6. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 24.09.2009
Sist oppdatert: 09.12.2015