Hopp til innhold
Hemsedal kommunevåpen viser eit gaupehovud i gull mot raud bakgrunn.
Hemsedal kommunevåpen viser eit gaupehovud i gull mot raud bakgrunn.
Hemsedal kommunevåpen viser eit gaupehovud i gull mot raud bakgrunn.
X
Innhald

Hemsedal kommune, Buskerud

I Hemsedal ligg fleire store alpinanlegg, og der er rundt femti ulike nedfartar.

Hemsedal kommune, 753 km2, ligg i Buskerud, har om lag 1950 innbyggjarar og grensar i søraust til Gol, i sørvest til Ål, i nordvest til Lærdal i Sogn og Fjordane og i nordaust til Vang, Vestre Slidre og Nord-Aurdal i Oppland. Kommunen vart skilt ut frå Gol kommune i 1897.

Kommunen omfattar det meste av Hemsedal, som tek av frå Hallingdal i Gol, og Grøndalen, ein sidedal til Hemsedal. Det meste av busetnaden ligg i hovuddalføret, der både administrasjonssenteret, Trøim, og dei to andre bygdesentra, Ulsåk og Tuv, ligg. På begge sider av dalen er det fjellområde, og det høgaste punktet er Høgeloft, 1920 moh. 80 % av kommunen ligg høgare enn 900 moh.
Dei to store næringane i Hemsedal er jordbruk, der hovudvekta ligg på husdyrhald, og reiseliv. Den første skiheisen kom i 1959, og frå 1970-åra har det vore ei sterk satsing på vinterturisme, med store alpinanlegg og godt tilrettelagde turløyper. I sentrum er det fleire overnattingsstader. Norges Høgfjellskole har sidan 1966 gitt opplæring i trygg ferdsel og aktivitet i fjellet.

galleri

I 1956 kjøpte kommunen garden Øvre Løkji, som er teken vare på som museum under namnet Hemsedal bygdatun.
Hallingdølen er lokalavis for heile Hallingdal og kom med det første nummeret i 1936. Avisa har hovudkontor på Ål, kjem ut tre dagar i veka og er redigert på nynorsk.
Nynorsk vart tenestemål i kommunen i 1929. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 24 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Det er halvparten så stor del som i 2009/2010. 
Oddvar Grøthe (Ap) har vore ordførar sidan 2003.
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 6. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 09.07.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017