Hopp til innhold

Herøy kommune, Møre og Romsdal

Øya Runde i Herøy kommune har det sørlegaste fuglefjellet i Skandinavia. I kommunen finn ein skipsverft, oppdrettsanlegg og næringsmiddel- og fiskeforedlingsindustri.

Herøy kommune, 120 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 8400 innbyggjarar og grensar i aust til Ulstein og i sør til Vanylven og Sande.

I 1867 vart Sande kommune skilt ut frå Herøy, og ved to seinare høve, i 1873 og 1964, har mindre område vorte overførte til Sande. I 1964 vart òg eit mindre område overført til Ulstein.

Herøy er ein øykommune. Det er busetnad på seks av øyane, og det går bruer mellom desse øyane. Rundt halve kommunen ligg på Gurskøya. Administrasjonssenteret Fosnavåg har hatt bystatus sidan 2000 og er den største tettstaden i kommunen, men det finst mindre tettstader på dei fleste øyane. Det meste av busetnaden ligg langs strendene. Øyane er kuperte, med mykje myrlandskap og skoglause åsar. Det høgaste punktet i kommunen er Sollia, 660 moh.

HERØY Runde fyr med jente foto AGR.jpg?w=600

Liten turgåar snart nede ved Runde fyr. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn/Allkunne

Fiskeindustrien står sterkt i Herøy, og i Møre og Romsdal er det berre Ålesund som har større fiskemottak. I kommunen er det mange små og mellomstore verksemder, som alle kan knytast til fisket, mellom anna skipsverft, oppdrettsanlegg og næringsmiddel- og fiskeforedlingsindustri.

Fleire gamle handelsstader i kommunen er tekne vare på, og Herøy kystmuseum, som er ein del av stiftinga Sunnmøre museum, held til på ein av dei. Kvar sommar vert Herøyspelet «Kongens ring» framført i Herøy amfi. Spelet, som første gongen vart vist i 1992, er skrive av Rolf Losnegård.

Herøy Kystmuseum. Foto: Anette H. Christiansen/ Kystpilgrimsleia Rogaland til Sør-Trønderlag, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Herøy Kystmuseum. Foto: Anette H. Christiansen/ Kystpilgrimsleia Rogaland til Sør-Trønderlag, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Runde er det sørlegaste fuglefjellet i Skandinavia, og millionar av fuglar hekkar her. Øya er freda, men området er godt tilrettelagt med turstiar. Utanfor Runde gjekk båten Akerendam ned i 1725, med store pengesummar om bord. I 1972 fann dykkarar vraket og tok opp rundt 57 000 gull- og sølvmyntar.

Vestlandsnytt vert redigert frå Fosnavåg og er lokalavis for Herøy og Sande. Avisa vart grunnlagt i 1936, kjem ut to gonger i veka og er redigert på nynorsk.

I Herøy tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1907. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1923, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1931. Kommunen har ti grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 100 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Arnulf Goksøyr (H) har vore ordførar sidan 2003.

Kjelder

Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 6. 2005

http://www.heroy.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017