Hopp til innhold
Kommunevåpenet i Hjartdal er ein hjort i sølv mot grøn bakgrunn.
Kommunevåpenet i Hjartdal er ein hjort i sølv mot grøn bakgrunn.
Kommunevåpenet i Hjartdal er ein hjort i sølv mot grøn bakgrunn.
X
Innhald

Hjartdal kommune, Telemark

I Hjartdal kommune står det fleire gamle loft, mellom anna det freda Risvolloftet frå 1471.

Hjartdal kommune, 798 km2, ligg i Telemark, har om lag 1650 innbyggjarar og grensar i sør og vest til Seljord, i nord til Tinn og i aust til Notodden.
Kommunen har hatt dei same grensene sidan 1905, då eit lite område vart overført til Seljord.
Hjartdal er ein kommune med spreidd busetnad. E134 går gjennom kommunen, og langs denne vegen ligg dei to bygdene Hjartdal og administrasjonssenteret Sauland. I Tuddalsdalen ligg bygda Tuddal. Store delar av kommunen er fjell- og heilandskap, og rundt ein fjerdedel av kommunen ligg i Brattefjell-Vindeggen landskapsområde. Frå Tuddal går det bilveg til Rjukan, og frå denne vegen går den vanlegaste ruta til Gaustatoppen, som ligg i Tinn. Det høgaste punktet i Hjartdal er på 1615 moh. og ligg på ryggen opp mot Gaustatoppen.


Jord- og skogbruk er dei viktigaste næringsvegane, og Sauland har dei beste tilhøva for jordbruk. I Tuddal er turisme ei næringsgrein i vekst, med mykje hyttebygging. Nær halvparten av dei yrkesaktive arbeider utanfor kommunen, først og fremst Notodden og Seljord. Kommunen har tre kraftverk, med ei maksimal yting på 114 MW.
På Tuddal bygdetun er det samle bygningar og gjenstandar frå bygda.

galleri

Avisa Telen er den mest lesne avisa i kommunen, og ho dekkjer også Notodden og Sauherad. Telen kom med det første nummeret i 1928, har hovudkontor på Notodden og er redigert på bokmål.
I Hjartdal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1913. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1925, og nynorsk vart tenestemål i kommunen 1927. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 81 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Bengt Halvard Odden (Ap) har vore ordførar sidan 2015.



Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 7. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017