Hopp til innhold
Hjelmeland kommunevåpen viser  Andreas-kors laga av trillingstrengar mot raud bakgrunn, som viser fletteverket i setet til jærstolen.
Hjelmeland kommunevåpen viser Andreas-kors laga av trillingstrengar mot raud bakgrunn, som viser fletteverket i setet til jærstolen.
X
Innhald

Hjelmeland kommune, Rogaland

Hjelmeland kommune er den største bær- og fruktkommunen i Rogaland, og det vert særleg dyrka mykje eple.

Hjelmeland kommune, 1089 km2, ligg i Rogaland, har om lag 2700 innbyggjarar og grensar i sør til Forsand, i vest til Strand og Finnøy, i nord til Suldal og i aust til Bykle i Aust-Agder.
I 1859 vart Årdal skilt ut som eigen kommune, og i 1884 vart Fister skilt ut. I 1965 vart kommunen slått saman med det meste av Årdal, det meste av Fister og eit mindre område av Jelsa.
Hjelmeland er den nest største kommunen i fylket. Det meste av kommunen er hei- og fjellområde, innover mot grensa til Aust-Agder. Den einaste tettstaden er administrasjonssenteret Hjelmelandsvågen, og busetnaden ligg stort sett ved kysten, mellom den lange Jøsenfjorden i nord og den litt kortare Årdalsfjorden i sør. I kommunen er det rundt 4000 vatn, med Øvre Tysdalsvatnet som det største. Det høgaste punktet er ein topp søraust for Stora Blåfjell, 1254 moh.
Den største næringsgreina er jordbruk, med vekt på husdyrhald og mjølkeproduksjon. Industrien er basert på sand- og grusdrift, og på betongvareindustri. På Hjelmeland er det litt fiskeforedlingsindustri, og kommunen har òg litt trevareindustri, mellom anna produksjon av jærstolar. Vassdraga Ulla og Førre er utbygde, og vatnet vert ført over til Suldalsvassdraget.
Vigatunet, ei avdeling av Ryfylkemuseet, har ein frukthistorisk hage med over 130 tre. Like ved ligg det eit lite gravfelt med rundhaugar. Årdal gamle kyrkje, frå 1619, er freda. Det er ei av dei mest særmerkte renessansekyrkjene på Vestlandet. I fjellområda er det eit godt utbygd rutenett for fotturistar.
Vekeavisa Bygdaposten for Hjelmeland kom med første nummeret i 1973. Avisa har hovudkontor på Hjelmeland og er redigert på nynorsk.
I Hjelmeland tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1931. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 92 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Bjørn Laugaland (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 7. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 01.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017