Hopp til innhold
Hornindal kommunevåpen viser tre ljåar i sølv mot blå bakgrunn, som symboliserer jordbruk og smedhandverk
Hornindal kommunevåpen viser tre ljåar i sølv mot blå bakgrunn, som symboliserer jordbruk og smedhandverk
Hornindal kommunevåpen viser tre ljåar i sølv mot blå bakgrunn, som symboliserer jordbruk og smedhandverk
X
Innhald

Hornindal kommune, Sogn og Fjordane

Hornindalsvatnet, den djupaste innsjøen i Europa (514 moh.), ligg delvis i Hornindal kommune.

Hornindal kommune, 192 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 1200 innbyggjarar og grensar i sør til Stryn, i vest til Eid og til tre kommunar i Møre og Romsdal – Volda og Ørsta i nord og Stranda i aust.
I 1867 vart Hornindal skilt ut frå Eid. I 1965 vart kommunen delt mellom Eid og Stryn, men i 1977 vart den delen som var overført til Stryn, skilt ut som eigen kommune. 1.1.2020 blir Volda og Hornindal slått saman.
Kommunen er ein av dei minste i fylket og omfattar Hornindalen og den austre delen av Hornindalsvatnet. Det aller meste av busetnaden ligg i hovuddalføret, frå administrasjonssenteret Grodås ved vatnet, til fylkesgrensa i nordaust. Det er høge fjell på begge sider av dalen, og det høgaste punktet i kommunen er den særmerkte Hornindalsrokken, 1528 moh.
Industri er den viktigaste næringsgreina, først og fremst trevare- og møbelindustri. Det finst framleis ein del jordbruk, der husdyrhald dominerer. Turisme er ei veksande næringsgrein, og kommunen har fleire overnattingsstader.
Bilethoggaren Anders Svor var frå Hornindal, og i 1954 opna Anders Svor Museum på Grodås, der dei fleste arbeida hans er utstilte. Den Trondhjemske postvei gjekk gjennom Hornindal, og mange fine kvelvingsbruer i stein er enno å sjå på den gamle vegen. Den gamle steinbrua over Honndøla vart restaurert i 1990-åra. Brua ligg like ved Riksveg 60, som går gjennom heile dalen. Hornindal har ein rik folkemusikktradisjon.
Fjordingen er lokalavis for Nordfjord og kom første gongen ut i 1928. Avisa kjem ut tre gonger i veka, har hovudkontor i Stryn og er redigert på nynorsk.
I Hornindal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1920, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2017/2018 har 100 % av elevane ved denne skulen nynorsk.

Stig Olav Lødemel (H) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 7. 2005.
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017