Hopp til innhold

Høyanger kommune, Sogn og Fjordane

Aluminiumsverket, som tok til med full drift i 1919, er kjerneverksemda i Høyanger. Høyanger ligg på begge sider av dei midtre delane av Sognefjorden.

Høyanger kommune, 908 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 4400 innbyggjarar og grensar i vest til Gulen og Hyllestad, i nord til Fjaler og Gaular, i aust til Balestrand og Vik og i sør til Modalen og Masfjorden i Hordaland.
Kommunen vart oppretta i 1964, då Lavik, Kyrkjebø og delar av Vik vart slått saman til éin kommune.
Høyanger ligg på begge sider av dei midtre delane av Sognefjorden. Både på nordsida og sørsida er det to korte fjordarmar, og det meste av busetnaden ligg ved desse fjordarmane. Det bur flest folk på nordsida av fjorden, og her ligg òg dei tre tettstadene i kommunen, Vadheim, Kyrkjebø og administrasjonssenteret Høyanger, som voks opp rundt aluminiumsverket. Frå fjorden stig bratte lier opp, og over 90 % av kommunen ligg over 150 moh. Det høgaste punktet i kommunen ligg på grensa mot Balestrand, vest for Langedalsbreen, 1450 moh. Utanfor Vadheim er Sognefjorden på sitt djupaste, 1308 muh.
Aluminiumsverket, som tok til med full drift i 1919, er kjerneverksemda i Høyanger. Verket er i dag ein del av Hydro Aluminium. Her er òg mykje annan industri, mellom anna Aker Kværner, som utfører vedlikehald for Hydro. Ei anna stor verksemd, felgprodusenten Fundo Wheels, vart slått konkurs i 2009. Mange av vassdraga er utbygde, og i kommunen er det sju kraftstasjonar.
galleri
Der er to museum i kommunen, Høyanger industrimuseum og Massnes villmarksmuseum sør for Sognefjorden. I Ytredalen nordover frå Vadheim finst fleire gamle steinbruer. I den veglause bygda Måren ligg Kapteinsgarden, eit herskapshus frå tidleg på 1800-talet, og her vert òg kulturfestivalen Måren Biennalen arrangert.
Ytre Sogn er lokalavis for kommunane rundt den ytre delen av Sognefjorden og kom med det første nummeret i 1997. Avisa har hovudkontor i Høyanger, kjem ut to gonger i veka og er redigert på nynorsk.
I Høyanger tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1900 (Lavik). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1918 (Kyrkjebø), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1923. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 100 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
Petter Sortland (Ap) har vore ordførar sidan 2011.
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 7. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017