Hopp til innhold
Hyllestad kommunevåpen har  tre kvernsteiner i sølv mot blå bakgrunn som symbol på jordbruk og møllesteinproduksjon.
Hyllestad kommunevåpen har tre kvernsteiner i sølv mot blå bakgrunn som symbol på jordbruk og møllesteinproduksjon.
Hyllestad kommunevåpen har tre kvernsteiner i sølv mot blå bakgrunn som symbol på jordbruk og møllesteinproduksjon.
X
Innhald

Hyllestad kommune, Sogn og Fjordane

I Hyllestad vart det frå 700-talet og fram til 1930-åra produsert kvernsteinar, som mellom anna vart eksporterte til Danmark og Baltikum.

Hyllestad kommune, 259 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 1500 innbyggjarar og grensar i aust til Høyanger, i sør til Gulen, i vest til Solund og i nord til Fjaler. Hyllestad vart skilt ut frå Askvoll i 1862. I 1888 vart eit mindre område overført til Solund, og etter det har kommunegrensene vore uendra.


Kommunen ligg i Ytre Sogn, rundt Åfjorden og vidare austover på nordsida av Sognefjorden. Administrasjonssenteret Hyllestad er den einaste tettstaden i kommunen, som elles har spreidd busetnad på nordsida av Åfjorden og i dalføra innover frå Hyllestad. Det høgaste punktet i kommunen er Lihesten, 777 moh.


Skipsverftet Hayvard Leirvik AS er den største industriverksemda i kommunen, med over 150 tilsette. Jordbruket, som ofte vert drive i kombinasjon med andre yrke, er dominert av husdyrhald. Kommunen har to kraftverk, med ein samla årsproduksjon på 39 GWh.
Det vart produsert kvernsteinar i Hyllestad frå 700-talet og fram til 1930-åra, og området er lagt til rette for besøkjande. Her vart mellom anna den store steinkrossen i Eivindvik laga.


Avisa Firda er den største avisa i kommunen, og ho dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa har hovudkontor i Førde, vart grunnlagd i 1918, kjem ut seks dagar i veka og er redigert på nynorsk.
I Hyllestad tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1938, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved denne skulen nynorsk.

Morten Askvik (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 7. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 02.02.2010
Sist oppdatert: 18.12.2017