Hopp til innhold

Jølster kommune, Sogn og Fjordane

Jølster kommune i Sogn og Fjordane er den einaste kommunen i Sunnfjord utan kystlinje. Kunstnaren Nikolai Astrup var busett på sørsida av Jølstravatnet, og mange av verka hans er i dag utstilte i Astruptunet.

Jølster kommune, 670 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 2900 innbyggjarar, og grensar i sør, vest og nord til Førde, i nord til Naustdal, i nord til Gloppen, og i aust til Stryn, Luster og Sogndal.

Den einaste endringa av kommunegrensene kom i 1964. Då vart Breim kommune slegen saman med Gloppen, bortsett frå Førde krins, som vart overført til Jølster. 1.1.2020 blir Førde, Naustdal, Jølster og Gaular slått saman.

Jølster kommune er den einaste kommunen i Sunnfjord utan kystlinje. Jølstravatnet strekkjer seg gjennom store delar av kommunen. Dei fleste av innbyggjarane i kommunen bur rundt dette vatnet, men der er òg busetnad i Stardalen, og vestover mot Moskog i Førde kommune. I kvar ende av Jølstravatnet ligg mindre tettstader, adminstrasjonssenteret Skei i aust, og Vassenden i vest. Fjella i Jølster vert høgare og villare jo lenger aust ein kjem, og det høgste punktet i kommunen er Snønipa, 1827 moh.

galleri

Jordbruk er den viktigaste næringsvegen, og så godt som alle gardbrukarane driv med husdyr. Jølster er ei av dei tre viktigaste geitebygdene i fylket. Kommunen har litt næringsmiddelindustri. Reiselivsnæringa i kommunen nyt godt av turisttrafikken om sommaren, og på Skei ligg både Skei Hotell og Audhild Vikens Vevstove.

På nordsida av vatnet ligg Eikaas-galleriet, med ei stor samling av kunstverka til kunstnaren Ludvig Eikaas. Ved Ålhus kyrkje kan ein sjå tuftene etter ei borg frå 1200-talet, bygd av Audun Hugleiksson. Delar av Jostedalsbreen ligg i kommunen. Frå Lunde inst i Kjøsnesfjorden er det fotrute over breen til Fjærland, og frå Stardalen er det fotrute til Briksdal.

Avisa Firda vert redigert frå Førde, men dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa vart grunnlagt i 1912, kjem ut seks dagar i veka, og er redigert på nynorsk. .

I Jølster tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1905. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1922, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har to grunnskular. Jølster og Vanylven i Møre og Romsdal var dei einaste kommunane med 100 prosent nynorskelevar både i 1994, 2004 og 2014. Også i 2017 har kommunen 100 prosent nynorskelevar.

Oddmund Klakegg (SP) er ordførar i perioden 2015 - 2019.

Kjelder

Grepstad, Ottar: Nynorsk faktabok 2015

Hovdan, Peder: Frå folkemål til riksmål, 1928

Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999

Store Norske Leksikon, bd 8, 2005

Peikarar

Heimesida til kommunen:

http://www.jolster.kommune.no




Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 10.06.2018