Hopp til innhold

Jondal kommune, Hordaland

Jondal kyrkje er frå 1888 og er den største i Hardanger.

Jondal kommune, 199 km2, ligg i Hordaland, har om lag 1000 innbyggjarar og grensar i vest og nord til Kvam, i aust til Ullensvang og i sør til Kvinnherad.

Jondal vart skilt ut frå Strandebarm i 1862. I 1965 vart eit mindre område overført frå Strandebarm, medan eit anna mindre område vart overført frå Jondal til Kvam. 1.1.2020 blir Jondal, Odda og Ullensvang slått saman.

Jondal Herand foto Michel Olsthoorn CC BY SA 3.jpg?w=600

Herand i Jondal. Foto: Michel Olsthoorn, Flickr.com CC BY-NC 2.0.

Jondal ligg på sørsida av Hardangerfjorden. Dei fleste stadene stig landskapet bratt opp frå fjorden, og det høgaste punktet i kommunen, 1643 moh., ligg på Folgefonna, heilt søraust i kommunen. Så godt som all busetnad ligg ved fjorden. Unntaket er Krossdalen, som går austover frå administrasjonssenteret Jondal.

Innanfor jordbruket er husdyrhald det vanlegaste, men det vert òg dyrka frukt og bær. Kommunen har litt industri, med Jondal Stål som den største verksemda. Det finst òg litt fiskeoppdrett.

Ved Herand er det gjort arkeologiske funn av 9000 år gamle bustader. På Bakko finst det rundt 150 helleristingar, dei eldste av dei er rundt 3000 år gamle. Altartavla er måla av Nils Bergslien. I kommunen er det fleire merkte turløyper, mellom anna til Folgefonna. Delar av Folgefonna nasjonalpark ligg i kommunen.

Hordaland Folkeblad kom med det første nummeret i 1873 og er lokalavis for Kvam og Jondal. Avisa har hovudkontor i Norheimsund, kjem ut to gonger i veka og har vore redigert på nynorsk sidan 1914. Hordaland Folkeblad er den eldste lokalavisa i landet.

I Jondal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1904 (Tørvikbygd, som i dag ligg i Kvam). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2017/2018 har 100 % av elevane ved denne skulen nynorsk.

Angunn Handagard Trå (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 8. 2005

Nettstaden til Jondal kommune: http://www.jondal.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017