Hopp til innhold
X
Innhald

Karmøy kommune, Rogaland

Karmøy ligg på kysten av Sørvestlandet og er den viktigaste fiskerikommunen i Rogaland. Området har ei rik vikinghistorie, og Avaldsnes var truleg det eldste kongssetet i Noreg.

Karmøy kommune, 230 km2, ligg i Rogaland og har ca. 42 000 innbyggjarar. I tillegg til øya Karmøy, som er den største øya i Rogaland, høyrer halvøya mellom Karmsundet og Førresfjorden til kommunen. Fleire småøyar høyrer òg til kommunen, mellom dei Feøy (Føyno) og Fosen. På fastlandet grensar kommunen til Haugesund i nord og Tysvær i nordaust, og til havs til øykommunane Utsira i vest, Kvitsøy i sør og Bokn i søraust.

Karmøy blei eigen kommune i 1965, etter ei samanslåing av kommunane Skudenes, Skudeneshavn, Stangaland, Kopervik og Åkra, og størsteparten av kommunane Avaldsnes og Torvestad. Administrasjonssenteret er Kopervik. Andre byar er Åkrehamn og Skudeneshavn. Om lag tre fjerdedelar av innbyggjarane bur i øydelen av kommunen, medan resten bur på fastlandssida av Karmsundet.

Karmøy Skudeneshavn foto Terje Solbakk CC BY SA 3.jpg?w=600

Skudeneshavn. Foto: Terje Solbakk CC BY SA 3.0

Naturen i Karmøy kommune er prega av nærleiken til havet. Sørvest på sjølve øya ligg fleire vakre sandstrender, mellom anna Sandvesanden og Åkrasanden. Desse strendene har eit rikt plante- og dyreliv, der ein finn både typiske sanddyneartar og sjeldne blomar. Det høgaste fjellet i kommunen er Dyrafjellet, 172 moh.

Tradisjonelt har jordbruk og fiske vore dei viktigaste næringane i Karmøy. Trass i at desse næringane i dag sysselset berre litt over to prosent av innbyggjarane, er Karmøy likevel den viktigaste fiskerikommunen i fylket målt i verdiskaping. Offentleg og privat tenesteyting står for godt over 30 prosent av sysselsetjinga i kommunen. Industri står for kring 17 prosent, mest jern- og metall og verkstad- og næringsmiddelindustri. Innanfor verkstadindustrien er det særleg mekanisk industri retta mot olje- og maritim verksemd som dominerer. Norsk Hydro sitt aluminiumsverk ved Karmsundet er den største bedrifta i kommunen.

Ein finn svært mange fornminne i kommunen. Det vitnar om Karmsundet si historiske rolle som skipslei. På Avaldsnes hadde Harald Hårfagre kongsgard, og her ligg òg Olavskyrkja, frå kring 1250. Nordvegen historiesenter og Vikinggarden, som ligg i det same området, formidlar denne historia i dag.

Lokalavisa er Karmøynytt, som blir redigert på bokmål og kjem ut ein gong i veka. Haugesunds Avis er regionsavis.

I Karmøy kommune har 25 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (tal frå 2017). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som inneber at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller på nynorsk. Med over 1 300 nynorskelevar er Karmøy ein av 22 kommunar med over 1 000 nynorskelevar.

Jarle Nilsen (Ap) er ordførar frå 2015.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. Nynorsk kultursentrum 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 26.1.2015]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 26.1.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 26.1.2015]

Nettstaden til Karmøy kommune: http://www.karmoy.kommune.no/no [lesedato 26.1.2015]

Språkfakta 2010, aasentunet.no: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 26.1.2015]

Først publisert: 01.02.2016
Sist oppdatert: 18.12.2017