Hopp til innhold
Kommunevåpenet til Klepp viser eit kors i gull mot blå bakgrunn.
Kommunevåpenet til Klepp viser eit kors i gull mot blå bakgrunn.
X
Innhald

Klepp kommune, Rogaland

Klepp kommune, der over 70 % av arealet er dyrka mark, er ein av dei viktigaste jordbrukskommunane i landet.

Klepp kommune, 114 km2, ligg i Rogaland, har om lag 16 300 innbyggjarar og i nord til Sandnes og Sola. Kommunegrensene har vore uendra sidan formannskapslova i 1837.
Kommunen ligg på Jæren, ut mot kysten. Terrenget er flatt, og det høgaste punktet i kommunen er Tinghaug, 102 moh. Den største tettstaden i kommunen er administrasjonssenteret Kleppe.

Klepp Orre solnedgang foto Sten Duland CC BY NC ND 2.jpg?w=600


Solnedgang ved strendene i Orre, Klepp kommune. Foto. Sten Dueland, CC BY NC ND 2.0

Klepp er ein stor jordbrukskommune og er den kommunen i fylket med størst produksjon av korn, poteter og grønskaer på friland. Veksthusnæringa har vore i sterk vekst dei siste tiåra. Her finst fleire institusjonar som er knytte til jordbruket, til dømes forskingsstasjon for plantekultur. Industrien i kommunen er òg jordbruksrelatert, med næringsmiddelindustri og fleire verksemder som produserer landbruksreiskapar. Ein del av den jordbruksrelaterte industrien har omstilt seg og rettar seg no mot leverandørar til oljeverksemda.
I kommunen har det vore gjort nær 1000 funn frå steinalderen og. Det finst òg mange runeinnskrifter frå Klepp. I Kleppe er det eit bygdemuseum. Klepp har dei lengste sandstrendene i landet, og spesielt strendene ved Bore og Orrestranda er mykje brukte.
Jærbladet er lokalavis for Klepp, Hå og Bryne, og avisa vart grunnlagd og er redigert på begge målformer.
I Klepp tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1911. Nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1924. Skuleåret 2016/17 hadde 60 % av elevane i Klepp kommune nynorsk.
Ane Mari Braut Nese (H) har vore ordførar sidan 2011.
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 8. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017