Hopp til innhold
Motivet på kommunevåpenet er ei klippe med vassfall med tre fiskar, og årstalet 1742. Årstalet viser til då Kristiansund først fekk status som kjøpstad. Kommunevåpenet vart vedtatt i 1991.
Motivet på kommunevåpenet er ei klippe med vassfall med tre fiskar, og årstalet 1742. Årstalet viser til då Kristiansund først fekk status som kjøpstad. Kommunevåpenet vart vedtatt i 1991.
X
Innhald

Kristiansund kommune, Møre og Romsdal

Omkransa av hav og fjordar dekkjer Kristiansund kommune ei rekkje øyar. Her er klippfisk blitt tilverka gjennom fleire hundreår.

Kristiansund kommune, 87 km2, ligg på Nordmøre og har om 24 500 innbyggjarar. I vest, over Bremsnesfjorden, grensar kommunen til Averøy, i nord til Norskehavet, i nordaust til Trondheimsleia og Smøla, i aust over Talgsjøen til Aure. Søraust for Freifjorden grensar kommunen til Tingvoll og i sør til Gjemnes.

Kristiansund blei eigen kommune i 1837. I 1964 blei Grip og delar av Bremsnes kommune innlemma i Kristiansund, og dei noverande grensene kom i 2008, etter samanslåinga med Frei kommune. Administrasjonssenter er Kristiansund. Her bur òg mesteparten av innbyggjarane i kommunen, om lag 18 300. Andre tettstadar i kommunen er Rensvik, Solsletta og Storbakken.

Omkransa av hav og fjordar breier Kristiansund kommune seg over ei rekkje øyar, der Frei er den største. Sjølve Kristiansund by ligg på øyane Kirklandet/Gomalandet, Innlandet, Skorpa og Nordlandet. Den vesle øygruppa Grip ligg vêrhardt til i Atlanterhavet, og der var det fast busetnad frå 1100-talet og fram til 1970-åra. I dag er det eit ynda reisemål for turistar, og mange kristiansundarar har fritidsbustadar her. Karakteristisk for naturen i kommunen er små låglandsvassdrag med oreskog, rike hasselkratt og attgrodd kystlynghei. Kommunen har kystklima, med mild og kort vinter og mild og til dels varm sommar. Det høgaste fjell er Freikollen, 629 moh.

Kristiansund sentrum. Foto: mksfca, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Kristiansund sentrum. Foto: mksfca, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Skipsleia og hamna gav grunnlaget for framveksten av Kristiansund by, med gode vilkår for fiske, trelast- og klippfiskeksport og skipsbygging. Særleg klippfiskproduksjonen voks utover 1700-talet til ei storstilt verksemd, og i hundreåra som følgde, utgjorde dette den viktigaste inntektskjelda i Kristiansund. I dag er offentleg administrasjon, undervisning, helse- og sosiale tenester, med til saman kring 33 prosent av dei sysselsette i kommunen, viktige arbeidsplassar. Kristiansund er samstundes eit handels-, service- og kommunikasjonssentrum på Nordmøre. Industri står for 12 prosent av sysselsetjinga i kommunen, hovudsakleg med bygg- og anlegg, næringsmiddelindustri og verkstadindustri. Olje- og gassverksemda på Haltenbanken blir administrert frå Kristiansund.

I hamneområdet Vågen i Kristiansund sentrum finn vi mange kulturminne, som vitnar om ein rik kystkultur. Her ligg mellom anna Norsk Klippfiskmuseum i den autentiske klippfiskbrygga «Milnbrygga». Museet formidlar den over 250 år lange historia med klippfiskproduksjon i Noreg. Her blir det kvart år arrangert klippfiskfestival, med konkurranse om kven som kan lage den beste bacalaoen. Tahiti er det lokale kallenamnet på den minste øya i kommunen, Innlandet, og her blir musikkfestivalen Tahitifestivalen arrangert kvart år. I det gamle fiskeværet Grip ligg ei stavkyrkje frå 1400-talet. Under andre verdskrigen blei Kristiansund bomba av tyske fly, og store delar av dei historiske trehusa blei lagde i oske. Dei utbrende områda blei attreist i moderne funksjonalistisk stil etter strenge reguleringsprinsipp. Det er i dag eit svært viktig og verneverdig kulturmiljø, sidan det er eit av dei best bevarte områda med norsk etterkrigsarkitektur.

Tørking av klippfisk på øya Nordlandet, 11. august 1922. Foto: Anders Beer Wilse, kjelde: Nasjonalbiblioteket på Flickr.com, biletnr. blds_06897 (no known copyright restrictions / public domain).

Tørking av klippfisk på øya Nordlandet, 11. august 1922. Foto: Anders Beer Wilse, kjelde: Nasjonalbiblioteket på Flickr.com, biletnr. blds_06897 (no known copyright restrictions / public domain).

Den lokale dagsavisa Tidens Krav blir utgitt i Kristiansund. Avisa dekkjer nyhende frå heile Nordmøre.

I Kristiansund har 0,04 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (tal frå 2014). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.

Kjell Neergaard (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Georg Aage Sivertsen (red.): Kristiansund 250 år – i stormkast og stille. Oslo 1992

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 7.1.2016]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 6.1.2016]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting/DinRegion/syss_aar_nace_region.aspx [lesedato 7.1.2016]

Nettstaden til Kristiansund kommune: http://www.kristiansund.kommune.no [lesedato 7.1.2016]

Norsk Klippfiskmuseum, nordmore.museum.no: http://www.nordmore.museum.no/besøk-oss/kristiansund/klippfiskmuseet [lesedato 19.1.2016]

Om attreisinga av Kristiansund sentrum etter andre verdskrigen, gjenreisingsbyen.no: http://www.gjenreisningsbyen.no/gjenreisning [lesedato 19.1.2016]

Peikarar

Nettstaden til Kristiansund kommune

Først publisert: 27.10.2016
Sist oppdatert: 27.10.2016