Faktaboks

Administrasjonssenter
Norheimsund
Fylke
Vestland (frå 01.01.2020, tidlegare Hordaland)
Innbyggjartal
8 497 (2022)
Landareal
580 km²
Høgaste fjell
Fuglafjellet (1334 moh.)
Innbyggjarnamn
kvemming
Målform
nynorsk
Kommunenummer
4622 (frå 01.01.2020, tidlegare 1238)

Kommunevåpen

Kart: Kvam kommune i Vestland
Kvam kommune i Vestland fylke.
Kart: Kvam kommune i Vestland
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Kvam

Kvam i Hordaland. Kulturlandskap på Oppegardane i Strandebarm, Hardanger. I bakgrunnen Tveitakvitingen. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Kvam er ein kommune i Hardanger i Vestland fylke, på vestsida av Hardangerfjorden frå Øynefjorden vest for Varaldsøy i sørvest til Kjepso, seks–sju kilometer utanfor munningen av Granvinfjorden i nordaust.

Kvam vart under namnet Vigøer (seinare òg Vikør og Vikøy) oppretta som kommune i 1837, i samband med innføringa av det lokale sjølvstyret. Kommunen fekk sitt noverande namn i 1911 og fekk dei noverande grensene sine i 1965, då Kvam vart tillagt dei delane av Jondal, Varaldsøy og Strandebarm kommunar som ligg på vestsida av Hardangerfjorden. Samstundes vart Kvam sin del aust for fjorden (Åsgrenda) tillagt Ullensvang.

I nordvest når Kvam delvis over vasskilet mot Bergsdalsvassdraget og Samnangervassdraget, og i sør vidar den opne og breie Strandebarmsbukta seg inn mot Strandebarm kyrkjestad. Sentralt i kommunen treng to buktar seg inn mot dei to tidlegare tettstadene Norheimsund (administrasjonssenter) og Øystese, som frå 2019 er klassifisert som éin tettstad under namnet Norheimsund. I nord skjer det cirka ti kilometer lange og 200–600 meter breie Fyksesund seg inn mellom stupbratte fjellsider.

Kvam grensar i sør til Kvinnherad, i vest til Bjørnafjorden og Samnanger, i nordvest til Vaksdal og i nord og nordaust til Voss. Kvam har i søraust grense mot Ullensvang i Hardangerfjorden.

Natur

Dei høgastliggjande partia i kommunen, i nord og nordvest, er danna ved at flak av eruptiva i den kaledonske foldekjeda (sjå den kaledonske orogenese) har vorte skuva fram mot sør og sørvest over eldre, skifrig og mindre motstandsdyktig berg. Skyvekanten dannar på den måten bratte stup ned mot det til dels sterkt omdanna skifrige berget som ligg blotta langs fjordsida. Høgast når Fuglafjellet (1334 meter over havet) i nordvest og Kaldanuten (1332 meter over havet) på grensa til Voss i nordaust. I nordaust når skyvedekka heilt fram til fjorden, og her finn ein høgare og brattare fjordsider enn elles i kommunen.

Busetjing

Av befolkninga til kommunen bur 71 prosent i dei fem tettstadene (innbyggjartal 2023): Norheimsund (4619), Ålvik (Indre Ålvik; 426), Ploganes (392), Oma (212) og Vikøy (393), alle ved Hardangerfjorden. Det er òg forholdsvis tett busetjing nedst i Steinsdalen ved Norheimsund og rundt Strandebarmsbukta. Dei høgastliggjande gardane i kommunen ligg på rundt 300 meter over havet.

Folketalet i Kvam viste vekst frå andre verdskrigen og fram til byrjinga av 1960-talet då kommunen hadde rundt 9000 innbyggjarar (med noverande grenser). Deretter vart folkemengda redusert til rundt 8500 innbyggjarar over ein periode på vel 40 år. I tiårsperioden 2014–2024 hadde Kvam ein gjennomsnittleg årleg vekst på 0,5 prosent mot 0,6 prosent for helie Vestland fylke..

Kart over Kvam kommune
Kart over Kvam kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Bjølvefossen

Kvam er òg ein industrikommune. Ferrolegeringsverket Bjølvefossen i Ålvik er ei gammal hjørnesteinsbedrift i kommunen.

Av /Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.
Lisens: CC BY NC ND 2.0

Blant kommunane i Hardanger og Voss har (etter inndelingsendringane 2020) berre Voss eit større samla jordbruksareal enn Kvam. Jordbruket i Kvam er variert, med hovudvekt på husdyrhald og hagebruk. Viktigast i husdyrhaldet er mjølkeproduksjon og sauehald, med gode sauebeite i fjellet. Kvam er ei viktig fruktbygd (eple, pærer, plommer), og det blir òg dyrka ein del grønsaker, likeins bringebær og jordbær. Frukthagane ligg i hovudsak langs fjorden. I alt ni prosent av arbeidsplassane i Kvam er i primærnæringane (2023).

Industrien inkludert bergverksdrift/petroleumsutvinning utgjer vel 12 prosent av arbeidsplassane i Kvam (2023). Til samanlikning har Vestland fylke samla sett ein marginalt mindre del med 12 prosent i denne næringa. Industrien i Kvam er variert, men har likevel klare tyngdepunkt i primær jern- og metallindustri (ferrolegeringsverket Bjølvefossen ASA i Indre Ålvik) og verkstadindustri (mellom anna skipsverftet Fjellstrand AS i tettstaden Oma). Elles har kommunen mykje næringsmiddelindustri, mellom anna eit større meieri i Øystese (Tine meierier) og trevare- og møbelindustri, også denne for ein stor del i Øystese.

Store nedbørmengder og mange elvar og vatn i høgfjellsområda har saman med bratt fall mot fjorden gitt Kvam store vasskraftressursar. Ein vesentleg del av dette er utbygd i kraftverk utanfor kommunen (øvre del av Bergsdals- og Samnangervassdragene lengst nordvest og vest i kommunen). Vassdraga aust for Fyksesund er regulert og samla i det oppdemde Bjølsegrøvvatnet (879–850 moh.). Dette dannar magasin for Bjølvo kraftverk i Indre Ålvik, det klart største vasskraftverket i kommunen, med ein maskininstallasjon på 99 MW og ein årleg middelproduksjon på 457 GWh (2023). Verket har ei fallhøgd på 870 meter. Dette forsyner hjørnesteinsbedrifta i Indre Ålvik med kraft. Kvam har i alt 11 kraftverk med ein samla maskininstallasjon på 145 MW og ein årleg middelproduksjon på 614 GWh (2023).

Den omfattande turisttrafikken har ført til etablering av mange hotell, pensjonat og turisthytter i kommunen, både ved fjorden (særleg Norheimsund og Øystese) og i fjellet (særleg Kvamskogen).

Av dei busette arbeidstakarane i Kvam har 22 prosent arbeid utanfor kommunen, åtte prosent i Bergen, tre prosent i Rogaland og til saman fem prosent i dei andre kommunane i Hardanger/Voss og Sunnhordland, inkludert Austevoll, Bjørnafjorden og Samnanger (2023).

Samferdsel

Den viktigaste vegen gjennom Kvam er fylkesveg 49. Frå kommunesenteret Norheimsund fører han vestover gjennom Steinsdalen med Tokagjelet, der han til dels er sprengd inn i fjellet, og vidare over Kvamskogen til Trengereid der han møter E 16 til Bergen. Sørvestover frå Norheimsund fører fylkesveg 49 langs Hardangerfjorden til Tørvikbygd, rundt 13 kilometer sør for Norheimsund, der det er ferjesamband over fjorden til JondalFolgefonnhalvøya. Herfrå går vegen via Jondalstunnelen og Folgefonntunnelen søraustover til riksveg 13 i Odda.

Langs Hardangerfjorden vidare sørvestover frå Tørvikbygd går fylkesveg 576/48 via Mundheim til Gjermundshamn i Kvinnherad. Herfrå går det bilferje over fjorden til Årsnes på Folgefonnhalvøya og til Varaldsøy.

Austover frå Norheimsund fører fylkesveg 79 langs Hardangerfjorden til Granvin tettstad (Eide) på riksveg 13. Rett nord for tettstaden fører Vallaviktunnelen (riksveg 13) til Hardangerbrua og riksveg 7 vidare austover over Hardangervidda.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Det er fylkeskommunal vidaregåande skule i Norheimsund. Like vest for tettstaden driv dessutan Indremisjonsforbundet og Indremisjonssamskipnaden ein privat vidaregåande skule, Framnes kristne vidaregåande skule.

Kvam høyrer til Vest politidistrikt, Hordaland tingrett og Gulating lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Hardangerrådet saman med Eidfjord, Ullensvang og Ulvik.

Kvam kommune svarer til dei fire sokna Strandebarm, Vikøy, Øystese og Ålvik i Hardanger og Voss prosti (Bjørgvin bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Kvam til Hardanger og Voss fogderi i Søndre Bergenhus amt.

Delområde og grunnkrinsar i Kvam

For statistiske formål er Kvam kommune (per 2016) delt inn i fire delområde med til saman 39 grunnkrinsar:

  • Ålvik: Vetletveit, Ålvik austre, Ålvik sentrum, Ålvik vestre, Ytre Ålvik
  • Øystese: Fykse, Bergstø, Soldal, Torpe-Laupsa, Øystese, Fitjadalen, Fugladalen, Vik, Mo-Tjosås, Vavollen-Lundanes, Børvenes, Sjusete
  • Vikøy: Valland, Tolo, Norheim, Kaldestad, Sandven, Mo i Steinsdalen, Skeie, Skålheim-Stuasetmarki, Øvre Steinsdalen, Vikøøy, Aksnes, Holmavatnet
  • Strandebarm: Indre Tørvikbygda, Ytre Tørvikbygd, Innstranda, Fosse, Brugrend, Tangerås, Børsheim, Omastrand, Mundheim, Grønevik

Historikk og kultur

Sauer på beite på Bjørke i Fyksesund, med utsikt utover Hardangerfjorden.
Sauer på beite på Bjørke i Fyksesund, med utsikt utover Hardangerfjorden.

Hardanger og Voss museum har fire avdelingar i kommunen. Hardanger Fartøyvernsenter er eitt av tre nasjonale fartøyvernsenter, med museum og med restaurering av eldre trebåtar og fartøy. I Øystese ligg Kvam Bygdemuseum, med bygg frå 1600-talet til rundt 1900. Ingebrigt Vik-museet har dei fleste av arbeida til bilethoggaren Ingebrigt Vik, og Kabuso er eit kunstmuseum med skiftande utstillingar.

Ved riksveg 49 i Vangdal mellom Norheimsund og Tørvikbygd er det to felt med helleristningar frå både bronsealderen og steinalderen. Steinsdalsfossen som ligg eit par kilometer vest for Norheimsund, har eit fossefall på 50 meter som ein kan gå bak. På Vikøy, tre kilometer søraust for Norheimsund, er den freda Kvam prestegard. Her står framleis røykstova der Adolph Tidemand fekk inspirasjon til måleriet Haugianerne. Ved sjøen står 11 naust, dei eldste truleg frå 1700-talet.

Strandebarm og Vikøy kyrkjer er begge langkyrkjer bygd i tre, høvesvis i 1876 og 1838. Sistnemnde kyrkje er teikna av arkitekt Hans Ditlev Franciscus Linstow, kjent som arkitekten bak Slottet i Oslo. Det er ein årleg musikkfestival (juni) i Norheimsund til ære for komponisten Geirr Tveitt som var herfrå, likeins ein årleg trebåtfestival med utgangspunkt i båtbyggingstradisjonane til staden.

Hordaland Folkeblad som kom med sitt første nummer i 1873, er lokalavis for Kvam og Jondal. Avisa som har hovudkontor i Norheimsund, kjem ut to gonger i veka, og har vore redigert på nynorsk sidan 1914.

I Strandebarm vaks Nobelpris-vinnaren i litteratur, Jon Fosse (1959–), opp; han bur no i Statens æresbolig for kunstnarar, «Grotten», i Oslo. Også forfattaren Hans E. Kinck (1865–1926) vaks opp i Strandebarm.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1981) har eit innsvinga stolpe i sølv mot ein blå bakgrunn. Dette illustrerer delvis kommunenamnet, delvis Fyksesund.

Namnet kjem av norrønt hvammr, 'liten dal mellom bratte fjell', siktar truleg til Steinsdalen under Tokagjelet innanfor Norheimsund, der dalen endar i ein slik 'kvam'. I det tidlegare namnet, Vigøer (Vikør, Vikøy), siktar førsteleddet til ei lita vik ved prestegarden. Øy er her brukt i tydinga 'lågt lende ved vatn'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Kolle, Nils: Bygdebok for Kvam herad, b. 2: Liv og lagnad på 1800-talet, 1999
  • Ljones, Torleiv, Brita Kopren & Arne Valland: Kvam ved tusenårsskiftet, 2002
  • Markhus, Knut & Sjur Tarjei Fykse: Attersyn : historisk biletbok frå Kvam, 1997-, 2 b.
  • Olafsen, O.: Kvam i fortid og nutid, 1921
  • Ættarbok for Kvam, 1957-73, 4 b.

Kommentarar

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg