Faktaboks

Administrasjonssenter
Liknes
Fylke
Agder (frå 01.01.2020, tidlegare Vest-Agder)
Innbyggjartal
5 883 (2022)
Landareal
887 km²
Høgaste fjell
Venehei (993 moh.)
Innbyggjarnamn
kvindøl
Målform
nøytral
Kommunenummer
4227 (frå 01.01.2020, tidlegare 1037)

Kommunevåpen

Kart: Kvinesdal kommune i Agder
Kvinesdal kommune i Agder fylke.
Kart: Kvinesdal kommune i Agder
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0
Kvinesdal

Kvinesdal. Fedaelva ved utløpet i Fedafjorden. Biletet er henta frå papirleksikonet Store norske leksikon, gitt ut 2005-2007.

Av /KF-arkiv ※.

Kvinesdal er ein kommune i Agder fylke som i sør omfattar traktene omkring Fedafjorden, og lengre nord Kvina (Storåna) sitt dalføre (Kvinesdalen eller Vesterdalen) med sidedalen Austerdalen med Litleåna frå aust og heiene omkring. I nord omfattar Kvinesdal hei- og fjelltraktene fram til grensa mot Sirdal og Bygland i Setesdalsheiene.

Kvinesdal vart oppretta som kommune i 1837 som ledd i innføringa av det kommunale sjølvstyret. Kommunen vart i 1841 tillagd Fjotland kommune, som omfatta øvre del av Kvina og Litleåna sitt dalføre. Kommunen hadde med dette fått den utstrekkinga ho har i dag, men i 1858 vart Fjotland igjen oppretta som eigen kommune. Den delen som var att av Kvinesdal vart i 1900 delt i to kommunar, Liknes, som i 1917 fekk namnet Kvinesdal, og Feda lengst sør.

Dei noverande grensene sine fekk Kvinesdal i 1963 ved samanslåing av dei dåverande kommunane Feda, Fjotland og Kvinesdal.

Kvinesdal grensar i vest mot Flekkefjord og Sirdal, i nord mot Sirdal og Bygland, i aust mot Åseral og Hægebostad og i sør mot Lyngdal og Farsund.

Natur

Berggrunnen i heile kommunen høyrer til grunnfjellet, der det aller meste består av ulike artar gneis. Både Fedafjorden og Kvinesdalen innanfor har bratte sider. Dalbotnen i Kvinesdalen er vid frå Øye ved Kvinas munning til administrasjonssenteret Liknes der dalen deler seg i Vesterdalen og Austerdalen.

Mellom dei to dalane og i grensetraktene til nabokommunane på begge sider er det store heiområder. Desse når 300–600 meter over havet sør for Sørlandsbanen sin trasé gjennom kommunen. Vidare nordover blir heiene gradvis høgare og heiområdene meir samanhengande, og lengst nord er det mest snaufjell. Høgaste punkt er Venehei (993 meter over havet) nordaust for Knaben gruver.

Klima

Kaldaste månad er februar med normal på 1,0 °C, og varmaste månad er juli med normal på 16,1 °C. Målingane er gjorde ved Lyngdal målestasjon.

Busetjing

Busetjinga er spreidd i dalane, tettast i sør, ikkje minst i og omkring rundt administrasjonssenteret Liknes som ligg noko innanfor botnen av Fedafjorden. Det tidlegare Fjotland i nord har relativt tynn busetjing, der 11 prosent av den noverande befolkninga til kommunen bur på 62 prosent av arealet (2019). Andre tettstaden til kommunen, Feda, ligg på vestsida av Fedafjorden lengst sør i kommunen. I alt 49 prosent av befolkninga til kommunen budde i tettstader i 2019 mot 79 prosent i Agder fylke.

Folketalet i Kvinesdal har svinga i takt med forholda for næringslivet, og det har i periodar vore ei omfattande oversjøisk utvandring frå kommunen. Dette blir ikkje minst spegla i utviklinga av folketalet som i byrjinga av 1970-talet ikkje låg høgare enn hundre år tidlegare, det vil seie rundt 5300 innbyggjarar (med dagens grenser). Sidan har folketalet stort sett vist stigning, i tiårsperioden 2010–2020 med gjennomsnittleg 0,4 prosent årleg mot 1,0 prosent i Agder samla sett.

Kart over Kvinesdal kommune
Kart over Kvinesdal kommune
Av .
Lisens: CC BY NC 4.0

Næringsliv

Knaben gruver.
Knaben gruver.

Kvinesdal har eit allsidig næringsliv. Kommunen er, etter Farsund, den viktigaste jordbrukskommunen i fylket etter jordbruksareal. Jordbruket har hovudvekt på storfe- og sauehald. Dei største jordbruksareala ligg på den breie elvesletta mellom elvemøtet mellom Kvina og Litleåna og Kvinas munning i botnen av Fedafjorden.

Industrien er betydeleg med 14 prosent av arbeidsplassane til kommunen, 26 prosent inkluderte byggje- og anleggsverksemd og kraft- og vassforsyning/renovasjon (2019). Industrien blir dominert av primær jern- og metallindustri (Eramet Norway Kvinesdal, tidlegare Øye smelteverk) som sysselset rundt tre firedelar av dei tilsette i industrien i Kvinesdal (2019). Elles har verkstadsindustrien 15 prosent og næringsmiddelindustrien fire prosent av dei sysselsette i industrien i kommunen (2019). Fiskeoppdrett (piggvar) i Fedafjorden nyttar spillvarmen frå smelteverket.

Det var gruvedrift ved Knaben molybdengruver nord i kommunen fram til 1973. Desse gruvene var største molybdenprodusent i Europa på 1940- og 1950-talet og hadde i sine beste år 7–8 prosent av verdsproduksjonen av molybden. I 2005 vart det laga ein plan for framleis drift i gruvene, og frå 2007 er det på nytt drift, men førebels berre i ein svært beskjeden skala.

Kvinesdal er ein mellomstor kraftkommune, med i alt 13 vasskraftverk med ein samla maskininstallasjon på 235 MW og årleg middelproduksjon på 929 gigawattimar (GWh) per 2019. Største fallhøgd har Kvinesdal kraftverk i Kvina med 278 meter. Kraftverket med høgast årleg middelproduksjon er Solhom kraftverk i øvre del av Kvina (i drift frå 1974) med 810 GWh.

Rundt 43 prosent av dei busette yrkestakarane i Kvinesdal har arbeid utanfor kommunen, 16 prosent i Flekkefjord/Sirdal, åtte prosent i Farsund/Lyngdal/Hægebostad, sju prosent i Rogaland kor fire prosent i Stavangerområdet, fire prosent i Kristiansandsområdet og to prosent i Agder elles.

Samferdsel

Fedafjorden bru.
Fedafjorden bru.

E39 (KristiansandStavanger) kryssar kommune i sør og går i høgbru over indre del av Fedafjorden. Lenger nord kryssar fylkesveg 42 (Arendal–Evje–Egersund) kommunen. Desse tverrgåande sambanda blir bundne saman av fleire fylkesvegar nord–sør. Den viktigaste er fylkesveg 465 som kjem frå fylkesveg 43 ved Farsund, spring saman med E39 over Fedafjorden til Hangeland og går så nordover forbi til Liknes til Kvinlog ved fylkesveg 42. Derfrå held han fram vidare nordover til Knaben gruver. Frå Liknes fører fylkesveg 4090 på austsida av Fedafjorden til E39 og fylkesveg 465 til Farsund. Frå Handeland ved E39 og Vemestad ved fylkesveg 43 i Lyngdal går fylkesveg 461 til Liknes. Frå Liknes til Birkeland i Hægebostad går fylkesveg 4166/4168/4184.

Sørlandsbanen kryssar kommunen mellom E39 og fylkesveg 42, og har faste stopp på Storekvina stasjon, som ligg ved fylkesveg 465, ni kilometer nord for Liknes.

Administrativ inndeling og offentlege institusjonar

Kvinesdal høyrer til Agder politidistrikt, Agder tingrett og Agder lagmannsrett.

Kommunen er med i regionrådet Lister interkommunale politiske råd saman med Farsund, Flekkefjord, Hægebostad, Lyngdal og Sirdal.

Kvinesdal kommune svarer til dei tre sokna Feda, Fjotland og Kvinesdal i Lister og Mandal prosti (Agder og Telemark bispedømme) i Den norske kyrkja.

Mot slutten av 1800-talet høyrde Kvinesdal til Lister fogderi i Lister og Mandals amt.

Delområde og grunnkrinsar i Kvinesdal

Kvinesdal kyrkje.
Kvinesdal kyrkje.
Fjotland kyrkje.
Fjotland kyrkje.

For statistiske formål er Kvinesdal kommune (per 2016) delt inn i fire delområde med til saman 28 grunnkrinsar:

  • Kvinesdal ytre: Feda vest, Feda øst, Øye ytre, Øye øvre, Egeland ytre, Førland, Åse, Opofte
  • Kvinesdal sentrum: Gullestad, Faret, Liknes, Utsikten, Egeland øvre, Åmodt
  • Kvinesdal midtre: Træland, Rafoss, Gjemlestad, Moi, Haugland, Røynestad, Storekvina, Senland
  • Kvinesdal øvre: Helle, Veggeland, Fjotland, Kvinlaug, Lindefjell, Knaben gruver

Historikk og kultur

Hotell Utsikten med statuen av Tjodolf frå Kvin.
Hotell Utsikten med statuen av Tjodolf frå Kvin.

Det gamle gruvesamfunnet i fjellbygda Knaben vitnar framleis om gruvedrifta som var her mellom 1885 og 1975, med utvinning av molybden, som mellom anna blir brukt til framstilling av våpen. Under andre verdskrigen tok den tyske okkupasjonsmakta kontroll over gruva, som difor blei bomba to gonger av dei allierte.

Frå slutten av 1800-talet og heilt fram til 1970-åra var det stor utvandring til USA frå Kvinesdal og nabokommunane. Banda til USA er framleis tette, og det har blitt arrangert Kvinesdal utvandrarfestival årleg ved Sørlandet Utvandrersenter.

To kilometer nord for Liknes ligg «Sarons dal», eit viktig sentrum for pinserørsla i Noreg. Herfrå blir drive ei lang rekkje aktivitetar i inn- og utland, og sommarstemnet her samlar tusenvis av menneske.

Frå «Utsikten» ved E39, om lag tre kilometer aust for Liknes, er det utsyn over bygda og fjorden. Her står statue av skalden Tjodolf frå Kvine (laga av Ståle Kyllingstad). Kvinesdal kyrkje er ei åttekanta trekyrkje i nyklassisistisk stil frå 1837, teikna av slottsarkitekten, Hans D. F. Linstow. Fjotland kyrkje er ein langkyrkje i tre, bygd i 1836.

Agder – Flekkefjords Tidende er lokalavis for kommunane Flekkefjord, Kvinesdal, Sirdal, Lund og Sokndal. Avisa kjem ut tre dagar i veka og blir redigert på bokmål.

Namn og kommunevåpen

Kommunevåpenet (godkjent i 1985) har eit gaffelkors i sølv, danna ved taggesnitt, mot ein blå bakgrunn. Dette speglar topografien til kommunen, der dei to dalføra Vesterdalen og Austerdalen møtest i Liknes og fører ned til Fedafjorden.

Namnet Kvinesdal er etter elva Kvina, av norrønt hvína, ‘kvine'.

Les meir i Store norske leksikon

Eksterne lenker

Litteratur

  • Alsvik, Marit Karin & Jan Alsvik: Kvinesdal-bilder: fotoglimt fra gamle Feda, Kvinesdal og Fjotland, 1993, 2 b.
  • Egenes, Liv Grini, Bjørn Eie og Jan Rob: Knabens historie, 2004–2007, 4 b.,
  • Jerstad, Johan & Tor Veggeland: Gards- og ættesoge: Fjotland, 1979
  • Løyland, Margit: Fjordfolk: Fedas historie fra de eldste tider og fram til 1963, 1999
  • Veggeland, Tor: Kultursoge frå Fjotland, 1983
  • Årli, Ånen: Feda: gards- og slektshistorie, 1980
  • Årli, Ånen: Kvinesdal: ei bygdebok, 1964–72, 3 b.

Kommentarar (2)

skreiv Markus Bruno

Hei

Jeg er utflyttet kvindøl, og så kom jeg til å slå opp Kvinesdal i SNL.

Jeg har et par kommentarer:

I bildeteksten til bildet fra Feda står det "Feda ved Fedasundet og Fedafjorden, sett fra broen over sundet".

Broen over sundet eksisterer ikke lenger. Så burde det kanskje stå "sett fra den tidligere broen over sundet" eller noe sånt.

Videre så stusset jeg over følgende som står under "Navn og kommunevåpen":

"De to dalførene Vestredalen og Austredalen møtes i Liknes"

I mitt hodet heter det Vesterdalen og Austerdalen. Til og med veiene som går langs elvene heter Vesterdalsvegen og Austerdalsvegen.

skreiv Geir Thorsnæs

Takk for innspill. Både bildet fra Feda og beskrivelsen av kommunevåpenet har vi tatt fra den siste papirutgaven av SNL uten å sjekke godt nok alle detaljer. Vi har derfor endret både bildeteksten og navnet på de to dalførene. Sistnevnte har i henhold til Statens Kartverk den skrivemåten du har gitt i kommentaren din.
Vennlig hilsen
Geir Thorsnæs

Kommentarar til artikkelen blir synleg for alle. Ikkje skriv inn sensitive opplysningar, for eksempel helseopplysningar. Fagansvarleg eller redaktør svarar når dei kan. Det kan ta tid før du får svar.

Du må være logga inn for å kommentere.

eller registrer deg