Hopp til innhold

Kvinnherad kommune, Hordaland

I Kvinnherad kommune ligg Baroniet Rosendal, som var det einaste baroniet i Noreg.

Kvinnherad kommune, 1128 km2, ligg i Hordaland, har om lag 13 000 innbyggjarar og grensar i vest til Stord, Tysnes og Fusa, i nord til Kvam og Jondal, i aust til Odda, i aust og sør til Etne og i sør til Sveio og til Vindafjord i Rogaland.

I 1907 vart eit mindre område overført frå Tysnes til Kvinnherad. I 1965 vart kommunen slått saman med Fjelberg, store delar av Varaldsøy og delar av Skånevik.

Kvinnherad er ein sunnhordlandskommune. Det meste av kommunen ligg på austsida av Hardangerfjorden, men Ølve og Hatlestrand på vestsida og fleire øyar sør i kommunen høyrer òg med. Dei tre største tettstadene i kommunen kjem på rekkje og rad på austsida av fjorden – administrasjonssenteret Rosendal, Husnes og Sunde/Valen. Vest for Hardangerfjorden er landskapet dominert av åsar og låge fjell, medan det i området på austsida er villare natur og høgare fjell. Det høgaste punktet i kommunen ligg på Folgefonna, 1662 moh.

Administrasjonssenteret Rosendal sett frå fjellet Malmangernuten. Foto: Dan Kristiansen, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Administrasjonssenteret Rosendal sett frå fjellet Malmangernuten. Foto: Dan Kristiansen, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0. Trykk på fotoet for å sjå det i større format.

Aluminiumsverket på Husnes, Sør-Norge Aluminium AS, er den største arbeidsplassen i Kvinnherad, med nærmare 400 tilsette. Det finst òg annan industri i kommunen, mellom anna fleire skipsverft. Kommunen har òg mange fiskeoppdrettsanlegg, og ein del jordbruk. Det finst mange kraftverk i kommunen, med ein samla produksjon på 648 MW.

Den største attraksjonen i Kvinnherad er Baroniet i Rosendal, med ein hovudbygning frå 1660-åra og med ein stor prydhage. Ved Halsnøy kloster, grunnlagt av Erling Skakke i 1164, er det ruinar frå mellomalderen. I kommunen ligg òg to gamle steinkyrkjer, Ænes kyrkje frå 1200 og Rosendal kyrkje frå 1250. På Rød ligg eit lite bygdetun.

Baroniet Rosendal i Kvinnherad kommune er frå 1660-åra og har ein stor prydhage. Foto: Miss Mi - Miss Mi, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Baroniet Rosendal i Kvinnherad kommune er frå 1660-åra og har ein stor prydhage. Foto: Miss Mi - Miss Mi, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Kvinnherad har to lokalaviser, som begge kjem ut tre gonger i veka, på ulike dagar. Den største av dei to avisene er Kvinnheringen, som kom med det første nummeret sitt i 1973, og som vert redigert frå Husnes. Grenda vert redigert frå Rosendal og vart grunnlagd i 1951. Begge avisene er redigerte på nynorsk.

I Kvinnherad tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1899. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1921 (Varaldsøy), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. 99 % av elevane i Kvinnherad har nynorsk som hovudmål.

Ordførar er Peder Sjo Slettebø (H), frå 2015.

Kjelder

Grepstad, Ottar: Nynorsk faktabok 2005. 2005

Hovdan, Peder: Frå folkemål til riksmål. Oslo 1928

Juvkam, Dag: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Store Norske Leksikon, bd. 9. Oslo 2006

Nettstaden til Kvinnherad kommune: http://www.kvinnherad.kommune.no

Peikarar 

Nettstaden til Kvinnherad kommune 

Først publisert: 11.05.2017
Sist oppdatert: 18.12.2017