Hopp til innhold

Kviteseid kommune, Telemark

I Kviteseid ligg Morgedal, der Sondre Norheim utvikla nytt skiutstyr som gjorde det lettare å svinge i stor fart, og dermed la grunnlaget for moderne skisport.

Kviteseid kommune, 708 km2, ligg i Telemark, har om lag 2600 innbyggjarar og i sør til Drangedal, Nissedal og Fyresdal. Kommunen har hatt dei same grensene sidan 1873, då eit mindre område vart overført til Seljord.
Landskapet i kommunen er typisk for indre Telemark – skogkledde åsar, og elvar og vatn nede i dalane. Der er tre tettstader i kommunen, administrasjonssenteret Kviteseid, Vrådal og Morgedal, og det meste av busetnaden ligg ved desse tettstadene. Det høgaste punktet i kommunen er Sveinsheia, 1141 moh.
Sjølv om det er mykje bratt terreng i kommunen, er skog- og jordbruk viktige næringar, og industrien i kommunen er knytt til desse næringane. I dalbotnane vert det fleire stader dyrka frukt og bær. Det vert satsa mykje på turisme, og det finst mange hotell og andre overnattingsstader. Alpinanlegget i Vrådal har 15 nedfartar, og her vart den første 8-seters stolheisen i verda bygd.
Skianlegga skriv seg inn i ein sterk kommunal tradisjon. I grua på heimstaden til Sondre Norheim er OL-elden tend tre gonger, og ikkje langt unna ligg opplevingssenteret Norsk skieventyr. Kviteseid kyrkje er ei steinkyrkje frå rundt 1260.
Vest-Telemark Blad dekkjer seks kommunar, mellom anna Kviteseid. Avisa kom med første nummeret i 1973, har hovudkontor i Kviteseid, kjem ut tre gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.
I Kviteseid tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1900. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1922, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1926. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/18 hadde 87 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Tarjei Gjelstad (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 9. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017