Hopp til innhold

Lærdal kommune, Sogn og Fjordane

Lærdalsøyri har eit av Noregs best bevarte trehusområde. I januar 2014 vart store delar av sentrum rasert av brann.

Lærdal kommune, 1342 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 2150 innbyggjarar og grensar i vest til Aurland og Vik, i nord til Sogndal og Årdal, i aust til Vang i Oppland og i sør til Hemsedal, Ål og Hol i Buskerud. Lærdal grensar også mot Luster.
 
I 1860 og 1864 vart Årdal og Borgund skilde ut frå Lærdal kommune. Hundre år seinare, i 1964, vart Borgund igjen ein del av Lærdal, saman med eit mindre område i Årdal. I 1992 vart Frønningen overført frå Leikanger.
 
Kommunen ligg på sørsida av Sognefjorden, rundt sidearmen Lærdalsfjorden. E16 kjem inn ved Håbakken, der verdas lengste vegtunnell Lærdalstunellen (24 510 meter), kjem ut.
E16 held fram over Filefjell til Valdres, medan riksveg 52 går mot Hemsedal. Dalsidene i Lærdalen og sidedalane er bratte, og det er store fjellvidder på begge sider av dalen. Det høgaste punktet i kommunen er Høgeloft, 1920 moh.
 
Innanfor jordbruket, som framleis er av dei større næringane, har husdyrhald tradisjonelt dominert, der ein om sommaren gjer seg nytte av dei gode fjellbeita. Men no er det ikkje lenger husdyrhald som dominerer.
 
Klimaet er tørt, med varme somrar, slik at tilhøva ligg godt til rette for dyrking av frukt, grønsaker og bær. Lærdal er ein av Noregs største bringebær- og morellprodusentar. Seksti prosent av alle norske morellar i Noreg kjem frå Lærdal, og i kommunen vert det også dyrka mais og aprikos.

Over halvparten av arealet som vert brukt til dyrking av poteter i fylket, er i Lærdal. Lærdalselvi er ei av dei beste lakseelvane i landet.
 
Frå dei gamle trehusa i Lærdalsøyri. Foto: jechstra CC BY 2.0
 
Frå dei gamle trehusa i Lærdalsøyri. Foto: jechstra CC BY 2.0
 
Den særmerkte Borgund stavkyrkje er frå rundt 1180 og er den beste bevarte av stavkyrkjene. Ikkje langt frå stavkyrkja ligg Vindhellavegen, med opptil 12 meter høge steinmurar. Eit større område av Lærdalsøyri, med nær 170 gamle trebygningar, er verna. I sentrum, like ved Lærdalselvi, ligg Norsk Villakssenter, som mellom anna fortel om tradisjonane rundt laksefisket.

18. januar 2014 starta det å brenne i trehusa i Lærdalsøyri. Kraftig vind gjorde at brannen spreidde seg i raskt sentrum og gjorde store øydeleggingar i løpet av natta. 41 bygningar, av desse 17 bustadhus, brann ned til grunnen. Ingen menneske omkom, men 446 menneske var til sjekk på Lærdal sjukehus. Dei fleste som vart innlagde, fekk behandling for røykskader.

Eit freda hus og fleire verneverdige vart totaløydelagd, men dei fleste av dei verna husa vart berga frå flammane. Riksantikvaren kalla likevel brannen ei tragedie for norsk kulturarv.
 
Brannen i Lærdalsøyri er den største brannen i by eller tettstad i Noreg sidan 1923, i fredstid.
 
Trehusa i Lærdalsøyri vert saman med Røros, Bryggen i Bergen og Gamle Stavanger, rekna for å vere dei viktigaste trehusmiljøa i norsk historie.

Sogn Avis dekkjer alle kommunane i Sogn og er den største avisa i kommunen. Avisa kom med det første nummeret i 1983, etter at avisene Sogn og Fjordane og Sogningen/Sogns Avis slo seg saman. Avisa har hovudkontor i Leikanger, kjem ut fem gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.
 
I Lærdal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1925, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
 
Jan Geir Solheim (Sp) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Brugrand, Odd Helge, medieansvarleg under brannen for Lærdal kommune. E-post september 2014
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 9. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene
nrk.no: Storbrannen kravde fleire hus enn ein trudde http://www.nrk.no/sognogfjordane/storbrann-aukar-i-omfang-1.11484085

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017