Hopp til innhold

Leikanger kommune, Sogn og Fjordane

Aust for Hermansverk går det eit 4889 meter langt kraftleidningsspenn over Sognefjorden, og dette skal vera det lengste spennet i verda.

Leikanger kommune, 180 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 2150 innbyggjarar og grensar i sør til Vik, i vest og nord til Balestrand, og i aust til Sogndal.
I 1850 vart Balestrand skild ut som eigen kommune. I 1901 vart eit mindre område overført til Balestrand. I 1964 vart delar av Balestrand overført til Leikanger, og det same året vart eit mindre område av Leikanger overført til Sogndal. I 1992 vart to område sør for Sognefjorden overførte til Lærdal og Vik.


Kommunen ligg på nordsida av Sognefjorden. All busetnad ligg ved fjorden, med ein sterk konsentrasjon rundt Hermansverk, som er einaste tettstaden i kommunen. Terrenget stig bratt opp frå fjorden, men likevel ikkje brattare enn at tilhøva ligg godt til rette for jordbruk. Det høgaste punktet ligg heilt nord i kommunen, på Gunvordalsbreen, 1604 moh.



I Hermansverk ligg administrasjonen for Sogn og Fjordane fylkeskommune, bortsett frå kulturavdelinga, som held til i Førde. I Hermansverk ligg òg kontoret til Fylkesmannen i Hordaland og Sogn og Fjoradne, og administrasjonen for Statens vegvesen region vest. Leikanger er den største fruktkommunen i fylket og den fjerde største i landet, og i Hermansverk ligg fleire fruktmottak og -lager. Her er ein del jordbruk, med hovudvekt på husdyrhald. Industrien er beskjeden, dei viktigaste greinene er grafisk industri og næringsmiddelindustri.



Ved Baldershagen på Husabø vart det i 1995 gjort utgravingar i to gravhaugar frå førernalder. Like ved står ein åtte meter høg bautastein, som er av dei høgaste i landet. Leikanger kyrkje er frå 1250, og i prestehagen like ved kyrkja veks det mellom anna eit tempeltre, den einaste attlevande arten frå tertiærtida.
Sogn Avis er den største avisa i kommunen og har hovudkontor i Leikanger. Avisa vart grunnlagd 1992, då dei to avisene Sogningen/Sogns Avis og Sogn og Fjordane vart slått saman. Avisa dekkjer heile Sogn og kjem ut fem gonger kvar veke.


I Leikanger tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål i 1901. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1926, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1925. Kommunen har to grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.


Jon Håkon Odd, (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 9. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017