Hopp til innhold
Kommunevåpenet i Lesja har ein blå skjoldfot mot bakgrunn i sølv, som viser Lesja kyrkje i profil.
Kommunevåpenet i Lesja har ein blå skjoldfot mot bakgrunn i sølv, som viser Lesja kyrkje i profil.
X
Innhald

Lesja kommune, Oppland

Lesja i Oppland, øvst i Gudbrandsdalen, er ein av dei største villreinkommunane i landet.

Lesja kommune, 2259 km2, ligg i Oppland fylke og har om lag 2060 innbyggjarar. I nord grensar kommunen til Rauma, Nesset, Sunndal og Oppdal, i aust til Dovre, i sør til Vågå og Lom og i sørvest til Skjåk.

Dei noverande grensene fekk kommunen i 1863, då Dovre kommune blei skild ut frå Lesja. Administrasjonssenteret er Lesja, og andre mindre stader er Lesjaverk, Lesjaskog og Bjorli.

Lesja ligg øvst i Gudbrandsdalen, og mesteparten av arealet i kommunen ligg meir enn 900 meter over havet. Det høgaste fjellet er Storstyggesvånåtinden med sine 2209 moh., som ligg i Dovre nasjonalpark. Noreg er i dag det einaste landet i Europa der den opphavlege ville fjellreinen framleis lever, og i Lesja finn vi nesten urørte naturområde i høgfjella, med store villreinstammer. Lesjaskogsvatnet har to utløp, med elvane Rauma som renn ut i nord, og Gudbrandsdalslågen som renn ut i sør. Kommunen har innlandsklima, med kalde vintrar, lite nedbør og varme somrar.

Jordbruket er den viktigaste næringa i Lesja. Om lag 30 prosent av dei yrkesaktive i kommunen er sysselsette i denne næringa, mot i underkant av 3 prosent for heile landet. I tillegg til noko industri er turisme blitt ein viktig leveveg for kommunen dei seinare åra, med Bjorli skisenter som hovudreisemål.

galleri

Ved Lesjaverk finn vi restar frå jernverket som dreiv jernmalmutvinning nord for Lesjaskogsvatnet i perioden 1652–1812. Lesja bygdemuseum nær Lesja sentrum er eit friluftsmuseum som formidlar ulike sider ved kulturhistoria i området. Like ved museet ligg òg Lesja kyrkje, frå 1749, med unike treskjeringar av bygdekunstnaren Jakob Klukstad.

Vigga er lokalavis for kommunane Lesja og Dovre og kjem ut ein gong i veka. Også dagsavisa Gudbrandsdølen Dagningen, som kjem ut på Lillehammer, dekkjer nyhende i Lesja.

I Lesja har om lag 99 prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (tal frå 2017). Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.

Mariann Skotte (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999

Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 4.7.2015]

Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 5.7.2015]

Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 4.7.2015]

Nettstaden til Lesja kommune: http://www.lesja.kommune.no [lesedato 4.7.2015]

Språkfakta 2010: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 4.7.2015]

Peikarar

Nettstaden til Lesja kommune: http://www.lesja.kommune.no

Først publisert: 10.03.2016
Sist oppdatert: 18.12.2017