Hopp til innhold

Lindås kommune, Hordaland

I Lindås ligg Lyngheisenteret, som i 2001 fekk UNESCO sin globale kulturlandskapspris for arbeidet sitt.

Lindås kommune, 476 km2, ligg i Hordaland, har om lag 14 100 innbyggjarar og grensar i aust til Modalen og Vaksdal, i sør til Osterøy og Bergen, i vest til Meland, Radøy og Austrheim og i nord til Masfjorden og til Gulen i Sogn og Fjordane.

I 1879 vart Masfjorden skild ut som eigen kommune, og i 1910 vart Austrheim skild ut som eigen kommune. I 1964 vart kommunen slått saman med Alversund og delar av kommunane Modalen, Hosanger, Hamre og Sæbø. Same året vart mindre område overførte til Radøy og Masfjorden.  1.1.2020 blir Meland, Radøy og Lindås slått saman til ein kommune.

Store delar av kommunen ligg på Lindåshalvøya, men kommunen omfattar òg ei mengd øyar og litt fastland nord for Romarheimsfjorden. Så godt som all busetnad er på Lindåshalvøya, og der ligg òg dei to tettstadene i kommunen, Lindås og administrasjonssenteret Knarvik. På Lindåshalvøya er terrenget lågt og kupert, medan terrenget nord for Romarheimsfjorden er villare og høgare. Det høgaste punktet i kommunen er Sørdalsnuten, 957 moh.

Industrien er den viktigaste næringa i kommunen, med oljeraffineriet på Mongstad, drive av StatoilHydro, som den største arbeidsplassen. Ved raffineriet ligg det største næringsområdet i landet, mellom anna med store hamneareal. Innanfor jordbruket er husdyrhald det vanlegaste. Over 40 % av dei yrkesaktive arbeider i andre kommunar; eit fleirtal av dei pendlar til Bergen.

To kongar frå vikingtida kan knytast til Lindås. Håkon den gode skal vere gravlagd ved noverande Seim kyrkje, og Harald Hårfagre hadde kongsgard på Seim. Den nordlegaste bøkeskogen i verda står ved Vollom og vart truleg innført for rundt tusen år sidan. Ved Lygra ligg Lyngheisenteret, som opna sommaren 2000, og som arbeider for å ta vare på kysten sitt kulturlandskap. Senteret fekk i 2005 kulturlandskapsprisen til Europarådet – Europa Nostra.

Den største avisa i kommunen er Strilen, som dekkjer kommunane i Nordhordland og Gulen i Sogn og Fjordane, og vart grunnlagd i 1961. Avisa har hovudkontor i Knarvik, kjem ut tre gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.

I Lindås tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsmål alt i 1890 (Hosanger). Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1923 (Alversund), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921 (Alversund og Lindås). Skuleåret 2017/2018 har 76 % av elevane i Lindås nynorsk som hovudmål. Dette har auka sidan byrjinga av 2000-talet, då det låg ned mot 60-70 %.

Astrid Aarhus Byrknes (KrF) har vore ordførar sidan 2007.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999

Store Norske Leksikon, bd. 9. 2006

http://www.lindas.kommune.no/

Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.ssb.no/kommuner/

http://www.wwv.no/

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017