Hopp til innhold
Lom kommunevåpen viser tre vatningsspader i sølv mot blå bakgrunn.
Lom kommunevåpen viser tre vatningsspader i sølv mot blå bakgrunn.
X
Innhald

Lom kommune, Oppland

Begge dei to høgaste fjelltoppane i landet, Galdhøpiggen (2469 moh.) og Glittertind (fast fjell på 2452 moh., med ein isbre på toppen), ligg i Lom kommune.

Lom kommune, 1945 km2, ligg i Oppland, har om lag 2500 innbyggjarar og grensar i nord til Skjåk og Lesja, i aust til Vågå, i sør til Vang, og i vest til Luster i Sogn og Fjordane.

Kommunen har hatt den same utstrekninga heilt sidan 1866, då Skjåk vart skild ut som eigen kommune.


Meir enn 90 % av arealet i kommunen ligg over 900 moh. Gjennom desse fjellområda går to dalføre, Ottadalen og Bøverdalen. Dei to dalane kjem saman ved Fossbergom, som er administrasjonssenter i kommunen. Det meste av busetnaden ligg langs sørsida av Ottadalen.
galleri
Jord- og skogbruk er den viktigaste enkeltnæringa i Lom. Det tørre klimaet gjer at bøndene må bruke vatningsanlegg. Lom har den norske rekorden for minst nedbør i løpet av eitt år – 130 mm i 1911. Den sentrale plasseringa mellom fleire fjellområde gjer òg at turisme er ei stor næring, og både i Fossbergom og oppover i Bøverdalen ligg fleire hotell og turisthytter. Fleire naturområde i Lom er verna. Delar av to nasjonalparkar, Jotunheimen og Reinheimen, ligg i kommunen, og der er òg tre mindre naturreservat.
Lom stavkyrkje er frå 1160–1170 og ligg sentralt i Fossbergom. Norsk Fjellmuseum vart opna i 1994 og arbeider for å verne kultur- og naturverdiar i fjellområda. Fossheim steinsenter har mineralar frå heile verda. Lom bygdemuseum, ein del av det konsoliderte Museet i Nord-Gudbrandsdalen, har fleire bygningar, mellom anna Tor Jonsson-stugu, der diktaren voks opp. Ved fødestaden til Knut Hamsun på Garmo er det reist ein minnestein. Litteraturfestivalen Diktardagar i Lom vert arrangert annakvart år.
Fjuken, lokalavis for heile Ottadalen, kom med første nummer i 1994. Avisa vert redigert frå Skjåk, kjem med eitt nummer kvar veke og er redigert på nynorsk.


I Lom tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1899. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1929, og nynorsk vart tenestemål i kommunen i 1927. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/18 hadde 96 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
Bjarne Eiolf Holø (Sp) har vore ordførar sidan 2011.
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 9. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017