Hopp til innhold

Luster kommune, Sogn og Fjordane

På Ornes i Luster kommune ligg Urnes stavkyrkje frå 1130–40. Kyrkja er den eldste stavkyrkja som framleis står, og er på UNESCO si liste over dei mest verneverdige minnesmerka i verda.

Luster kommune, 2706 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 4900 innbyggjarar og grensar i sør til Lærdal og Årdal, i vest til Jølster, Balestrand og Sogndal, i nord til Stryn og i aust til Opplands-kommunane Skjåk, Lom og Vang.

I 1963 vart kommunen slått saman med Hafslo og Jostedal, og etter denne samanslåinga vart Luster den største kommunen i fylket. I 2008 vart Luster av Dagens Næringsliv kåra til den beste kommunen å bu i.


Det administrative senteret i kommunen er Gaupne, med rundt 1000 innbyggjarar. Det meste av busetjinga ligg langs Lustrafjorden, ein sidearm av Sognefjorden, og i Jostedalen, som strekkjer seg 60 kilometer nordover frå Gaupne. Frå Hafslo går det veg til Veitastrond.
galleri
Store delar av kommunen er høgfjell, i Breheimen, og Jotunheimen. Den nordlege delen av den ville fjellkjeda Hurrungane ligg i kommunen. Høgast når Store Skagastølstind (2405 moh.), den tredje høgaste toppen i Noreg. Toppen ligg på grensa mellom Luster og Årdal, som er dei to kommunane i landet med størst høgdeskilnad. På Turtagrø, som er inngangsporten til Hurrungane, vert Fjellfilmfestivalen arrangert kvar haust.
Nærleiken til naturen har gjort reiseliv og turisme til ein viktig næringsveg, men jordbruk er framleis den største næringa. Luster er den største sauekommunen i fylket. Klimaet eignar seg godt for bær- og fruktdyrking, og Luster er den kommunen med størst bringebærproduksjon i landet. Kommunen har fleire små og mellomstore industriverksemder. I kommunen ligg fleire kraftverk, med ein samla produksjon på rundt 3 TWh. Dette gjer Luster til den største kraftkommunen i fylket og ein av dei største i landet.
Den største turistmagneten i kommunen er Nigardsbreen, ein sidearm til Jostedalsbreen. Delar av Jostedalsbreen nasjonalpark ligg i kommunen, og det offisielle nasjonalparksenteret, Breheimsenteret, ligg i Jostedalen. Der er gjort mange funn frå eldre tider i kommunen, mellom anna tuftene til eit 40 meter langt hus i Hafslo.
Sogn Avis dekkjer alle kommunane i Sogn og er den største avisa i kommunen. Avisa kom med det første nummeret i 1983, etter at avisene Sogningen/Sogns Avis og Sogn og Fjordane slo seg saman. Avisa har hovudkontor i Leikanger, kjem ut fem gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.
I Luster tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1893, då skulekrinsen Flahamar fekk løyve til ein time skriving og ein time lesing på nynorsk. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1923 (Jostedal), og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921 (Luster). Kommunen har ni grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
Ivar Kvalen (Sp) har vore ordførar sidan 2011.
Kjelder
Jan Olav Fretland og Oddmund L. Hoel: "Då nynorsken kom til Sogn – glimt frå Jostedalen og Lærdal", Årbok for Sogn. 2006
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 9. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

http://www.wwv.no/

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017