Hopp til innhold

Masfjorden kommune, Hordaland

I Storsetehilleren er det gjort funn frå eldre jernalder som tyder på at helleren var brukt som fangststasjon.

Masfjorden kommune, 557 km2, ligg i Hordaland, har om lag 1650 innbyggjarar og grensar i aust til Modalen, i aust, sør og vest til Lindås, i vest til Austrheim og i nord til to kommunar i Sogn og Fjordane, Gulen og Høyanger.


I 1879 vart Masfjorden skild ut frå Lindås. I 1964 vart eit mindre område ført over frå den same kommunen.
galleri
Masfjorden kommune ligg på begge sider av Masfjorden, ein 24 kilometer lang fjord i Nordhordland. Lengst inne deler fjorden seg i to, Haugsværfjorden og Matrefjorden. Det er spreidd busetnad i kommunen, med ein viss konsentrasjon inst i dei to indre fjordarmane, rundt administrasjonssenteret Masfjordnes og på nordsida rundt Hosteland og Risnes. Frå fjordane stig terrenget raskt. Dei austlegaste delane av kommunen ligg i Stølsheimen, og her finn ein det høgaste punktet i kommunen, på Årdalsryggen, 1070 moh.


Primærnæringane står sterkt i Masfjorden. Jordbruket er dominert av husdyrhald, og her er både fiskeoppdrett og havbruk. I Matre ligg Havforskinginstituttets akvakulturstasjon for laks. Haugsdalsvassdraget og Matrevassdraget er utbygde, med ein samla årleg produksjon på rundt 1540 GWh.
I Storsetehilleren, nokre kilometer frå Matre, er det gjort funn frå eldre jernalder som tyder på at helleren var brukt som fangststasjon. Dei siste månadene av den andre verdskrigen var fjellområda i Masfjorden base for Bjørn West, ei avdeling av heimefronten, og i Matre ligg Bjørn West-museet.
Den mest lesne avisa i kommunen er Strilen, som dekkjer kommunane i Nordhordland og Gulen i Sogn og Fjordane. Strilen kom med det første nummeret i 1961. Avisa har hovudkontor i Knarvik, kjem ut tre gonger kvar veke og er redigert på nynorsk.
I Masfjorden tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1907. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1924, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1932. Kommunen har tre grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 99 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
Karstein Totland (H) har vore ordførar sidan 2011.
Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland. 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 10. 2006
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017