Hopp til innhold

Meland kommune, Hordaland

Nordhordland folkehøgskule på Frekhaug i Meland kommune er med sine 160 elevar den største folkehøgskulen i landet.

Meland kommune, 88 km2, ligg i Hordaland, har om lag 6500 innbyggjarar og grensar i aust til Lindås og Bergen, i sør og vest til Askøy og i nord til Radøy.


Meland vart skild ut frå Alversund i 1923. I 1964 vart mindre område frå Hamre, Herdla og Sæbø slått saman med Meland. Det same året vart eit mindre område overført til Askøy.
Meland er ein øykommune og ligg på Holsnøy, Flatøy og nokre mindre øyar. Holsnøy er den største øya, og her er òg det meste av busetnaden i kommunen, inkludert to tettstader på sørsida, Fløksand og Holme, og administrasjonssenteret Frekhaug heilt aust på øya. Terrenget på den største øya er relativt flatt, og det høgaste punktet i kommunen er Eldsfjellet, 324 moh.  1.1.2020 blir Meland, Radøy og Lindås slått saman til ein kommune.


Industri er den mest utbreidde næringa, og då særleg verkstadindustri. Innanfor jordbruket dominerer husdyrhald. Over 60 % av dei yrkesaktive pendlar til andre kommunar, først og fremst Bergen og Lindås.
Frekhaug var tidlegare ein storgard, med eit tohøgda hovudhus frå rundt 1780. Huset er freda og er i dag ein del av Nordhordland folkehøgskule. Her er fleire eldre bygningar, mellom anna Holmestova, ei av dei eldste røykstovene i Nordhordland.


Den største avisa i kommunen er Nordhordland, som dekkjer seks kommunar i Nordhordland og Gulen i Sogn og Fjordane. Avisa kom med det første nummeret i 1974, og har hovudkontor i Knarvik. Avisa kjem ut to gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.


I Meland tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1923, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1924. Kommunen har seks grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 64 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Øyvind H. Oddekalv (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland. 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005. 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål. 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. 1999
Store Norske Leksikon, bd. 8. 2005
Grunnskolens Informasjonskontor www.wis.no/gsi/tallene

Først publisert: 25.09.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017