Hopp til innhold

Midsund kommune, Møre og Romsdal

Tvers over Midøya, ei av øyane i Midsund kommune, gjekk i 1658–60 riksgrensa mellom Sverige og Danmark–Noreg.
Midsund kommune, 94 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 1900 innbyggjarar og grensar i sør til Haram og Vestnes, i aust til Molde, i nord til Aukra og i vest til Sandøy.


Kommunen vart oppretta i 1964, då Sør-Aukra vart slått saman med delar av Vatne kommune.1.1.1920 blir Nesset, Molde og Midsund éin kommune.


Midsund er ein øykommune med fem store og mange mindre øyar. Den største øya er Otrøya, der dei fleste innbyggjarane i kommunen bur. Frå administrasjonssenteret Midsund går det bru frå Otrøya til Midøya. Begge desse øyane har relativt kupert terreng, og det høgaste punktet i kommunen, Opstadhornet (737 moh.), ligg på Otrøya.

I tillegg til den gamle riksgrensa går det to andre viktige grenseliner gjennom Midøya: Her går skiljet mellom sunnmørske og romsdalske dialektar, og det er òg skilnad i byggjeskikk og matskikkar på nord- og sørsida av øya.


Jordbruk og fiske er dei vanlegaste næringsvegane i Midsund. Utegangarsau, ein gammal norsk sauerase, fanst i Midsund fram til midten av 1960-åra. I dag er nye dyr kjøpte inn frå andre kommunar, og det finst rundt 300 utegangarsau i kommunen. Industrien i kommunen, næringsmiddelproduksjon og verkstader, er òg knytt til fisket. Rundt ein fjerdedel av dei yrkesaktive i Midsund arbeider i andre kommunar, først og fremst Molde.
I Bjørneremshellerane, tre hellerar ved nordenden av Midøya, vart det i 1912 gjort funn frå folkevandringstida som tyder på at dette var den første kjende buplassen i Romsdal. På Nord-Heggdal på Otrøya vart to helleristningar oppdaga i 1965.


Øyavis, som er lokalavis for Midsund, kjem ut ein gong kvar månad. Avisa kom første gong ut i 1983, har hovudkontor i Midsund og vert redigert på nynorsk.
I Midsund tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1907. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1924, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1924. Kommunen har tre grunnskular, og i 2018/2019 hadde 94 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Odd Helge Gangstad (Sp) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 5, 2005


Sist oppdatert: 18.12.2017