Hopp til innhold

Modalen kommune, Hordaland

I 1890 vart Modalen den første bygda i landet som tok i bruk nynorsk som opplæringsmål i skulen.

Modalen kommune, 385 km2, ligg i Hordaland, har om lag 360 innbyggjarar og grensar i aust og sør til Vaksdal, i vest til Lindås og Masfjorden og i nord til to kommunar i Sogn og Fjordane, Høyanger og Vik. Rekna etter folketal er Modalen den nest minste kommunen i landet, berre Utsira har færre innbyggjarar.
 
I 1910 vart Modalen skild ut frå Hosanger kommune. I 1964 vart Eksingedalen overført til Vaksdal kommune, og det same året vart eit mindre område overført til Lindås kommune.
 
Modalen er den nordlegaste kommunen i Hordaland. Kommunen har namn etter dalen Modalen, som går frå Steinsdalsvatnet og ned til Mofjorden, den inste fjordarmen av Osterfjorden. Inst i Mofjorden ligg Mo, det administrative senteret i kommunen. På begge sider av dalen er det store fjellområde, og frå Vardadalsbu nord i kommunen går det merkte turløyper i fem ulike retningar. Det høgaste punktet i kommunen er Runderabben, 1292 moh.
 
Modalen har store naturressursar, og kommunen har store inntekter frå kraftproduksjon. I Moelvi er det tre kraftverk, med ei maksimal yting på 194,5 MW, og dette har gitt kommunen store inntekter. Alt i 2000 var heile dalen knytt til eit breibandnett, og kommunen har i dag fleire IKT-verksemder. Industrien i kommunen avgrensar seg til sand- og grusdrift og betongproduksjon. I jordbruket er det stort sett berre husdyrhald.
 
Ved Mostraumen finst det hellesristningar frå bronsealderen. På Mo er det reist ein bautastein til minne om lyrikaren Olav Nygard, som var fødd på fjellgarden Krossen.
 
Vaksdalposten vert redigert frå Vaksdal og er lokalavis for Vaksdal og Modalen. Avisa kom med det første nummeret i 1987, kjem ut ein gong kvar veke, og redaksjonsspråket er nynorsk.
 
I Modalen tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk alt i 1890. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1922, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1921. Kommunen har éin grunnskule, og skuleåret 2017/18 hadde 100 % av elevane ved denne skulen nynorsk.
 
Knut Moe (Samlingslista) har vore ordførar sidan 2003.
 
Kjelder
Nils Georg Brekke (red.): Kulturhistorisk vegbok for Hordaland, 1993
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 10, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017