Hopp til innhold

Naustdal kommune, Sogn og Fjordane

Det største flyslaget som har vore i Noreg, stod i 1945 over Slettefjorden i Naustdal kommune.

Naustdal kommune, 358 km2, ligg i Sogn og Fjordane, har om lag 2700 innbyggjarar og grensar i nord til Flora og Gloppen, i aust til Jølster, i sør til Førde, og i vest til Askvoll.

Kommunen vart skild ut frå Førde i 1896. I 1964 vart det meste av Vevring slått saman med Naustdal. Det same året vart delar av Naustdal overført til Førde. 1.1.1920 blir Naustdal igjen ein del av same kommune som Førde. Då slår Førde, Naustdal, Gaular og Jølster seg i lag til éin kommune.
Naustdal ligg i Sunnfjord, på nordsida av Førdefjorden. Kommunen er avlang og strekkjer seg austover frå fjorden. Busetnaden er tettast rundt administrasjonssenteret Naustdal, men det er spreidd busetnad over store delar av kommunen, både i Naustdal, dalføret som går nordover frå Naustdal, og vestover langs nordbreidda av Førdefjorden. Dalføret er omkransa av høge fjell, og det høgaste punktet i kommunen er Blåfjellet, 1390 moh.

galleri

Jordbruk er framleis ei viktig næring, og hovudvekta ligg på mjølkeproduksjon. I Engebøfjellet i Vevring vert det brote ut eklogitt og rutil. Rundt 60 % av dei yrkesaktive i kommunen pendlar til andre kommunar, først og fremst Førde.
Luftkampmuseet i Naustdal presenterer historia om flyslaget over Slettefjorden i 1945. I Naustdal vart det i 2007 avduka eit monument til ære for kunstnaren Kjartan Slettemark, som var fødd og oppvaksen her. Kvar haust vert Vevringutstillinga arrangert, med verk av kunstnarar frå fleire land.
Avisa Firda er den største avisa i kommunen, og dekkjer alle kommunane i Sunnfjord. Avisa har hovudkontor i Førde, vart grunnlagd i 1918, kjem ut seks gonger i veka og er redigert på nynorsk.
I Naustdal tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1908. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1922, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har fire grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 99 % av elevane nynorsk som hovudmål.
Håkon Myrvang (Ap) har vore ordførar sidan 2007.
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 10, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017