Hopp til innhold
Nesset kommunevåpen har ein sølvpåle mot blå bakgrunn som symboliserer Mardalsfossen.
Nesset kommunevåpen har ein sølvpåle mot blå bakgrunn som symboliserer Mardalsfossen.
X
Innhald

Nesset kommune, Møre og Romsdal

Mardøla-aksjonen i 1970, ein protest mot utbygginga av elva Mardøla i Nesset kommune, var første gong ein tok i bruk sivil ulydnad under ein miljøaksjon i Noreg.

Nesset kommune, 1046 km2, ligg i Møre og Romsdal, har om lag 3100 innbyggjarar og grensar i vest til Rauma, i nord til Molde og Gjemnes, i aust til Tingvoll og i sør til Lesja i Oppland.

I 1877 var der to mindre grenseendringar, då eit mindre område vart overført frå Nesset til Bolsøy og eit litt større område vart overført frå Tingvoll til Nesset. I 1890 vart Eresfjord og Vistdal skilde ut frå Nesset, men i 1964 vart desse kommunane igjen slått saman til éin. 1.1.2020 blir Nesset, Molde og Midsund slått saman.

Nesset ligg på begge sider av Langfjorden og dei to sidearmane Eidsvågen og Eresfjorden. Frå inst i Eresfjorden går den smale Eikedalen, med det avlange Eikesdalsvatnet, sørover til fylkesgrensa mot Oppland. Det meste av busetnaden er konsentrert rundt administrasjonssenteret Eidsvåg inst i Eidsvågen, men der er òg ein viss konsentrasjon frå Eresfjorden og inn til Eikedalsvatnet. På begge sider av Eikedalen er landskapet vilt, medan landskapet i nord er snillare. Det høgaste punktet i kommunen er Kleneggen, 1964 moh.

galleri

Her er ein del jordbruk, der vekta ligg på husdyrhald. Gruvene i Rausand er nedlagde, men området er no eit gjenvinningsanlegg for aluminium. Både Aura og Mardøla, to elvar i kommunen, er regulerte, og vatnet vert ført til kraftverk i andre kommunar. Rundt 35 % av dei yrkesaktive i kommunen pendlar til andre kommunar, først og fremst Molde og Sunndal.

På Boggestranda i Eresfjorden er det eit over 4000 år gammalt helleristningsfelt. På Nesset prestegard, der diktaren Bjørnstjerne Bjørnson voks opp, er fleire av bygningane freda. Prestegarden er i dag ei avdeling av Romsdalsmuseet. Den samla fallhøgda til den todelte Mardalsfossen er 657 meter. Mardøla er regulert, men fossen har tilnærma normal vassføring om sommaren.

Den største avisa i kommunen er regionavisa Romsdals budstikke, som har hovudkontor i Molde. Avisa er av dei eldste i landet og kom med det første nummeret alt i 1843. Avisa kjem ut alle kvardagar og er redigert på bokmål.

I Nesset tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1919. Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1927, og nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1924. Kommunen har fire grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 23 % av elevane ved desse skulane nynorsk. Skuleåret 2009/2010 var det 52 %.

Rolf Jonas Hurlen (H) har vore ordførar sidan 2007.

Kjelder

Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005

Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928

Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999

Store Norske Leksikon, bd. 11, 2006

Nettstaden til Nesset kommune: http://www.nesset.kommune.no [lesedato 23.5.2009]

World Wide Vikings, www.no, liste over fjell: http://www.wwv.no/ [lesedato 23.5.2009]

Kommunefakta frå Statistisk sentralbyrå, ssb.no/kommuner, tal om Nesset kommune: http://www.ssb.no/kommuner/http://www.ssb.no/kommuner/ [lesedato 23.5.2009]



Først publisert: 23.05.2009
Sist oppdatert: 18.12.2017