Hopp til innhold

Nissedal kommune, Telemark

Sentralt i Nissedal ligg Nisser, som er den største innsjøen i Telemark.

Nissedal kommune, 905 km2, ligg i Telemark, har om lag 1400 innbyggjarar, og grensar i vest til Fyresdal, i nord til Kviteseid, i aust til Drangedal og i sør til tre kommunar i Aust-Agder – Gjerstad, Vegårshei og Åmli.
 
Nissedal fekk kommunestatus i 1838, då kommunen vart skild ut frå Kviteseid.
 
Den største delen av busetnaden ligg på austsida av Nisser, inkludert administrasjonssenteret Treungen, som ligg ved utløpet av innsjøen. Riksveg 41 går gjennom heile kommunen, frå sør til nord. På begge sider av dalføret er store fjellvidder, med Førheinutane, 1049 moh, som det høgaste punktet.
 
Jordbruk er den viktigaste næringa i kommunen, sjølv om gardsbruka er heller små. Her er litt trevareindustri. 
 
I kommunen finst fleire hellemålingar, både ved Trontveit og Kvithamar.
 
Den mest lesne avisa i kommunen er Vest-Telemark Blad, som dekkjer seks kommunar, mellom anna Nissedal. Avisa kom med første nummeret i 1973, har hovudkontor på Kviteseid, kjem ut tre gonger kvar veke og vert redigert på nynorsk.
 
Nynorsk liturgi vart røysta inn i 1917, og kommunen har hatt nynorsk som tenestemål sidan 1923. Nynorsk har vore opplæringsmål i grunnskulen sidan 1908. Kommunen har fire grunnskular, og skuleåret 2017/18 har 92 % av elevane ved desse skulane nynorsk.
 
Halvor Homme (Ap) har vore ordførar sidan 2011.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 11, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017