
Nord-Aurdal kommune, Oppland
Nord-Aurdal kommune i Oppland ligg midt i hjartet av Valdres, og her kan ein kvart år i november vere med på Norsk rakfiskfestival.
Nord-Aurdal kommune, 907 km2, ligg i Oppland fylke og har om lag 6460 innbyggjarar. I nordvest grensar kommunen til Vestre Slidre og Øystre Slidre, i nordaust til Gausdal og Nordre Land, i aust til Etnedal, i søraust til Sør-Aurdal og i sørvest til Gol og Hemsedal.
Nord-Aurdal blei eigen kommune i 1837. Dei noverande grensene fekk kommunen i 1984, då Makalausfjellet blei overført frå Sør-Aurdal. Administrasjonssenteret i Nord-Aurdal er Fagernes, og andre tettstadar er Leira og Aurdal.
Kommunen ligg midt i Valdres og omkransar Strondafjorden og øvste del av elva Begna. Det høgaste fjellet i kommunen er Djuptjernkampen, 1325 moh. Fjellet ligg sør i Langsua nasjonalpark, på grensa til Gausdal og Nordre Land. Delar av nasjonalparken ligg i Nord-Aurdal. Langsua har ein nesten urørt natur, eit typisk austnorsk skog- og lågfjellsområde.
Offentleg, sosial og privat tenesteyting står for hovudparten av arbeidsplassane i Nord-Aurdal, saman med varehandel og turisme. Som inngangsport til Jotunheimen er kommunen eit populært reisemål for fjell- og friluftsinteresserte. Her finst òg noko jord- og skogbruk og industri.
Den rike bygdekulturen i Valdres blir teken vare på og formidla ved Valdres Folkemuseum, som ligg like utanfor Fagernes sentrum. Det er det fjerde største friluftsmuseet i Noreg. Ulnes kyrkje på Ulnes, bygd ca. 1250, er ei langkyrkje i stein. Norsk rakfiskfestival er ein av dei største matfestivalane i landet og blir arrangert på Fagernes kvart år i november.
Avisa Valdres er lokalavis for kommunane Etnedal, Vang, Øystre Slidre, Vestre Slidre, Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Ho kjem ut fire dagar i veka, med artiklar både på bokmål og nynorsk.
I Nord-Aurdal har to prosent av skuleelevane nynorsk som hovudmål (tal frå 2017). Det var ti prosent i 2009/2010. Kommunen har vedteke nøytral målform i administrasjonen, som vil seie at offentlege dokument kan skrivast anten på bokmål eller nynorsk.
Inger Torun Klosbøle (Ap) har vore ordførar sidan 2011.
Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk Faktabok 2005. 2005
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå. Oslo 1999
Aviskatalogen.no: http://www.aviskatalogen.no/jsf/map/index.jsf [lesedato 23.7.2015]
Grunnskolens Informasjonssystem (GSI), data om grunnskulane i Noreg, wis.no/gsi: http://www.wis.no/gsi/tallene [lesedato 23.7.2015]
Kommunal statistikk, kommuneprofilen.no: http://www.kommuneprofilen.no/Profil/Sysselsetting... [lesedato 23.7.2015]
Nettstaden til Nord-Aurdal kommune: http://www.nord-aurdal.kommune.no [lesedato 23.7.2015]
Nettside med turistinformasjon for Valdres: http://www.valdres.no [lesedato 23.7.2015]
Språkfakta 2010: http://www.aasentunet.no/iaa/no/sprak/sprakfakta/ [lesedato 23.7.2015]
Peikarar
Nettstaden til Nord-Aurdal kommune: http://www.nord-aurdal.kommune.no
Sist oppdatert: 18.12.2017