Hopp til innhold
Nord- Fron kommunevåpen viser ein hest i gull mot raud bakgrunn.
Nord- Fron kommunevåpen viser ein hest i gull mot raud bakgrunn.
Nord- Fron kommunevåpen viser ein hest i gull mot raud bakgrunn.
X
Innhald

Nord-Fron kommune, Oppland

Det årlege Peer Gynt-stemnet på Vinstra er i dag ein tolv dagar lang kulturfestival og vart første gong arrangert i 1928.

Nord-Fron kommune, 1099 km2, ligg i Oppland, har om lag 5800 innbyggjarar og grensar i nord til Sel, i aust og sør til Sør-Fron, i sør til Øystre Slidre og i vest til Vågå.


I 1851 vart Fron kommune delt i to, Nord-Fron og Sør-Fron. I 1965 vart eit mindre område overført til Sel. Nord-Fron og Sør-Fron vart slått saman til éin kommune i 1966 og fekk igjen namnet Fron. I 1977 skilde dei igjen lag.
Nord-Fron er ein avlang kommune som strekkjer seg frå Rondane i nordaust til Jotunheimen i sørvest. Gudbrandsdalen går gjennom kommunen. Det meste av busetnaden ligg nær dalbotnen her og i sidedalen Vinstradalen, som møter Gudbrandsdalen ved administrasjonssenteret Vinstra. Også den andre tettstaden i kommunen, Kvam, ligg i Gudbrandsdalen. I Vinstradalen er det ein viss konsentrasjon ved Skåbu, som er det høgastliggjande bygdesamfunnet i landet, med fast busetnad opp til 870 moh. På begge sider av hovuddalføret er det store fjellområde. I sørvest ligg det høgaste punktet i kommunen, Heimdalshøi, 1843 moh.


Nord Fron Fefjor 1924 Første høgfjellshotell for vinterturisme i 1905 Kjelde Nasjonalbiblioteket ingen CC.jpg?w=600

Fefor høyfjellshotell, grunnlagt som høgfjellssanatorium i 1891. I 1905 vart det første høgfjellshotell for vinterturisme i Noreg. Her frå 1924. Kjelde: Nasjonalbiblioteket, ukjend fotograf. Ingen opphavsrett.

Jordbruket er dominert av husdyrhald, der ein gjer seg nytte av dei gode fjellbeita. Industrien er konsentrert rundt Vinstra og Kvam, mellom anna med trevare- og møbelindustri. Reiseliv er ei viktig næring, med fleire hotell og overnattingsstader og store hyttefelt ved Skåbu og på Kvamsfjellet. I Sikkilsdalen ligg Statens Hesteavlsseter, og det årlege hestesleppet i juni dreg til seg mykje folk.
Kvar sommar vert Country Music Festival Vinstra arrangert på Vinstra. På Kvam er det krigsminnesamling. Kommunen har to mindre bygdetun.
Regionavisa Gudbrandsdølen Dagningen er den mest lesne avisa i kommunen. Avisa er den einaste dagsavisa i dalen og har hovudkontor på Lillehammer. Avisa fekk det noverande namnet sitt i 1997, då dei to avisene Gudbrandsdølen og Dagningen slo seg saman. Avisa vert redigert på bokmål.


I Nord-Fron tok dei første skulane i bruk nynorsk som opplæringsspråk i 1929. Nynorsk vart tenestespråk i kommunen i 1922. Kommunen har fem grunnskular, og skuleåret 2017/2018 har 96 % av elevane ved desse skulane nynorsk.

Rune Støstad (Ap) har vore ordførar sidan 2015.

Kjelder
Ottar Grepstad: Nynorsk faktabok 2005, 2005
Peder Hovdan: Frå folkemål til riksmål, 1928
Dag Juvkam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen, Statistisk sentralbyrå, 1999
Store Norske Leksikon, bd. 11, 2006


Sist oppdatert: 18.12.2017